SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 64 skann 66

64 Elevskilnader og fellesskap Fyrsteklassingane kjem til skolen med ulik røynslebakgrunn. Alle har røynsler frå sitt eige heime- og leikemiljø. Ein del av barna bur slik til at dei har lita røynsle frå aktivitetar saman med andre barn. Somme barn har gått i barnehage og er vane med å ta del i organiserte aktivitetar saman med andre. Somme har vore med i tilbod for seksåringar. Andre barn har hatt leikotektilbod eller fått andre former for spesialpedagogisk hjelp. Ein del fyrsteklassingar kjem frå andre språklege og kulturelle miljø enn det norske. Innanfor elevflokken er det stor spreiing når det gjeld evner og personlege behov. Det er ei utfordring for skolen å ta vare på dette mangfaldet, og å leggje til rette ein interessevekkjande skolegang for kvart einskilt barn. Det fyrste møtet elevane får med skolen, er ei viktig hending. Den fyrste tida på skolen kan vere avgjerande for både trivselen og utbytet av skolegangen. Situasjonen krev omtanke og innsats frå skolen si side: Skolegangen må gjerast trygg og trivselsskapande, spennande og stimulerande for alle. For å skape eit godt utviklings- og læringsmiljø må den fyrste skoletida organiserast slik at dei nye elevane vert kjende og finn seg til rette på skolen. Dei må få oppleve at dei er velkomne. Alle elevane må få oppgåver og utfordringar som er tilpassa evnene og føresetnadene deira. Barn som byrjar i same klasse, må få rikeleg høve til å vere med i felles aktivitetar og oppleve noko saman. Det vil kunne danne grunnlag for ein forpliktande gruppetilhøyrsel. Barn møter skolen med forventningar om kva dei skal få lære der. Det er viktig at skolen gjev nybyrjarane arbeidsoppgåver som stimulerer den interessa og innsatsviljen barna har. For å gjere det lettare å gjennomføre ei god, elevtilpassa byrjaropplæring kan det vere riktig å bruke ein etter måten større del av rammetimetalet på fyrste klassesteget enn på dei andre klassestega. Røynsler tyder på at slik bruk av ressursar er formålstenleg og riktig også på lengre sikt. Ein del skolar har hatt gode røynsler med å la eldre elevar få eit særleg ansvar for å hjelpe nybyrjarane med å finne seg til rette på skolen. Slike tiltak kan ha KAPITTEL 10 SKOLESTART
Skann 66 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/66/