SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 63 skann 65

sjølv er ein viktig del av nærmiljøet. Derfor er det positivt at barna kan verte kjende med andre heimar. Mange elevar er med i lag og organisasjonar i fritida. Både skolen, dei ulike laga og klubbane og foreldra er tente med eit nært og konstruktivt samarbeid. I nærmiljøet finst det og ofte institusjonar som eldresenter, barnehagar 0.a., som på same måten som heimane har ein viktig funksjon. Desse bør elevane verte kjende med. Jf. kapittel 2. Kva skal heim og skole samarbeide om? Røynslene viser at om samarbeid fyrst er kome i gang, er det ikkje mangel på konkrete oppgåver å ta fatt på. Heim og skole kan mellom anna samarbeide om * leirskole * festlege samkomer * turar * fritidsaktivitetar * plan mot mobbing * trafikktiltak * foreldrevitjing i klassen * elevvitjing i heimane Slike konkrete tiltak kan vere med på å skape gode samarbeidsformer og eit godt skole- og klassemiljø. Organisering av praktisk, sosialt og kulturelt arbeid er døme på eit arbeidsområde der det og bør vere mogleg for foreldra å engasjere seg. Det er ikkje mogleg å gje ei generell oppskrift på godt samarbeid. Til det er skolane og lokalmiljøa for ulike. Det er viktig at alle partar orienterer seg om det ansvaret dei har, og saman utviklar samarbeidet i samsvar med føresegnene i lov og forskrifter.
Skann 65 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/65/