SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 62 skann 64

mellom anna avhengig av at elevane møter motiverte og opplagde. Kunnskap om kva behov elevane har heime, på skolen og i nærmiljøet kan vere ein føresetnad for at dei vaksne skal kunne samarbeide om å skape eit godt og positivt grunnlag for læring. Samarbeidet kan og vere med på å hindre at elevar vert mobba eller diskriminerte, og kan føre til større forståing og toleranse elevane imellom. Samarbeidet er særleg viktig for elevar som treng spesiell hjelp og støtte. Det bør vere ei fellesoppgåve for arbeidsutvalet i foreldrerådet, klassestyrarane i fyrste klasse og rektor å informere foreldra til fyrsteklassingane om korleis det er for barna å møte skolen, og kva ansvar foreldra har i skolesamfunnet. (Jf. kapittel 10.) Når elevane skal flytte frå barnesteget til ungdomssteget, må både elevane og foreldra verte grundig informerte om den nye situasjonen, for at overgangen skal verte så lett som råd. Også dette er ei samarbeidsoppgåve for elevar, klassestyrar, rektor og arbeidsutvalet i foreldrerådet. Samarbeidet mellom heim og skole må ikkje trappast ned etter sjette klasse, men halde fram gjennom heile skoletida. I klasseforeldremøte kan klassestyraren gje foreldra informasjon om fag, arbeidsmåtar, lærebøker, val av stoff, miljøet i klassen o.a. Her kan læraren få synspunkt på arbeidet i klassen, noko som kan vere viktig for det vidare arbeidsopplegget. Foreldra kan ta opp spørsmål som har sams interesse for heile klassen. Saker som gjeld heile skolen, kan og verte tekne opp i klasseforeldremøte. I slike tilfelle må arbeidsutvalet for foreldrerådet verte informert om dei synspunkta som er komne fram. Klassekontaktane samarbeider med klassestyraren om å leggje til rette møte og møteopplegg og andre tiltak etter ein plan som er skissert på klasseforeldremøte. Det er viktig at møta vert lagde til rette slik at det er lett for alle å kome til orde. Både foreldra og klassestyraren må gjere sitt for å få flest mogleg til å møte. Referat skal sendast ut til orientering for dei som ikkje var til stades, og til støtte for dei som tok del i møtet. Klasseforeldremøte og andre fellestiltak har og det formålet å gjere elevar, lærarar og foreldre så godt kjende med kvarandre at dei kjenner seg som ei gruppe med sams interesser og eit viktig, samlande mål å arbeide mot: det som er til beste for skolen og elevane. Samarbeid om skolen Alle som er med i skolesamfunnet, har medansvar for det som går føre seg der. Foreldra bør ta aktivt del i rådsorgana for å vere med og skape ein betre skole. Men sidan foreldra ikkje har dagleg kontakt med livet og arbeidet i skolen, treng dei god informasjon frå skolen for å kunne fungere som dei bør og skal. Å sørgje for effektive rutinar for kontakt mellom heim og skole vert ei oppgåve for skoleleiinga og for lærarane, men og for lokale, regionale og sentrale skolestyresmakter. Samarbeid om nærmiljøet 1 samfunnet i dag har barna som oftast liten kontakt med yrkes- og arbeidssituasjonen til dei vaksne. Foreldra representerer eit rikt utval av yrke, og ved at foreldre og skole samarbeider, kan elevane få kunnskap om arbeidslivet i nærmiljøet. Skoleanlegget må nyttast ut så mykje som mogleg, også etter skoletid. Heimane
Skann 64 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/64/