SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 61 skann 63

61 oversjå, men arbeide seg gjennom dei og freiste finne ei løysing saman. Problemløysing er ein del av samarbeidet. Korleis skal heim og skole samarbeide? Samarbeidet mellom heim og skole bør ta til alt før barnet byrjar på skolen, med at skolen gjev foreldra informasjon om samarbeid på alle plan i skolen, og om kva som er foreldra sitt ansvar. Det er viktig at alle kjenner medansvar, ikkje berre for sitt eige barn, men for klassen og skolen som heilskap. Alle foreldre har noko å gje når det gjeld å skape god klasseånd, men tilhøva må leggjast til rette, fyrst og fremst av skolen. Arbeidet må vere prega av gjensidig respekt i samarbeidsfellesskapet mellom partane. Samarbeidet mellom heim og skole skjer på fire ulike plan: * samarbeid om kvar elev * samarbeid om kvar klasse * samarbeid om skolen * samarbeid om nærmiljøet Samarbeid om kvar elev Samarbeidet om den einskilde eleven vil stort sett føregå gjennom samtalar mellom klassestyraren og foreldra. Det kan vere naturleg at eleven er til stades på konferansetimar. Formålet med slike samtalar er å hjelpe eleven både menneskeleg og fagleg med støtte, motivering og rettleiing for det vidare arbeidet. Heimane må få vite at dei opplysningane dei gjev, ikkje vil kome vidare utan at foreldra sjølv gjev løyve til det. Skolen må ikkje be om fleire opplysningar enn det som er nødvendig. Konferansetimar må leggjast til tidspunkt som gjer det mogleg for alle foreldre å møte fram, men som og høver inn i arbeidet til klassestyraren. Etter avtale med foreldra kan konferansar og føregå i heimen. Foreldra bør kunne vende seg til læraren når det trengst, i særskilde tilfelle også utanom konferansetimane. Skriftlege meldingar kan vere utgangspunkt for samtalar, men berre skriftleg melding eller vurdering er ei ufullstendig kontaktform. Jf. kapittel 10. Samarbeid om klassen Når ein elev begynner på skolen, vert foreldra automatisk samarbeidspartar i klassen, saman med elevane og klassestyraren. Målet for dette samarbeidet er mellom anna å støtte opp om eit godt klassemiljø. Det kan foreldra gjere ved * å gje barna positive haldningar til skolen og klassekameratane * å møte på klasseforeldremøte for å få innsyn i arbeidet i skolen, og ved å delta aktivt med eigne meiningar og framlegg * å ta del i sosiale aktivitetar til beste for elevane * å ta spørsmål av felles interesse opp til diskusjon med dei andre føresette Klassestyraren har hovudansvaret for klassen, men foreldra har eit medansvar - også når det gjeld å skape grunnlag for eit godt læringsmiljø. Dette grunnlaget er
Skann 63 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 61». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/63/