SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 60 skann 62

KAPITTEL 9 SAMARBEID MELLOM HEIM OG SKOLE Kvifor skal heim og skole samarbeide? Etter norsk lov er det foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga og opplæringa av barna sine. Derfor må foreldra og ha medansvar i skolen. Både gjennom uformell kontakt og gjennom samarbeidsorgana har dei høve til å verke inn. Målet for samarbeidet kjem fram i paragraf 1 i grunnskolelova (jf. kapittel 1). Ein føresetnad for å kunne nå måla er at det vert skapt gode vilkår for oppseding og opplæring i heim, skole og nærmiljø. Godt samarbeid mellom heim og skole er nødvendig for å skape eit trygt, stabilt og utviklande skolemiljø. Elevane må vere med i dette samarbeidet som aktive, ansvarlege samarbeidspartnerar, i samsvar med alder og modnad. Det vil mellom anna gje dei praktisk røynsle i å rette seg etter demokratiske spelereglar, og lære dei å samarbeide med andre menneske på ulik alder, med ulik bakgrunn og ulike meiningar og haldningar. Dei vaksne må vise evne til samarbeid for at elevane skal kunne få desse positive røynslene. Det er viktig for utviklinga til barna at dei får medvitne haldningar og normer. Heim og skole må ta opp til drøfting og samarbeide om formidlinga av haldningar og normer. Det forpliktande grunnlaget for samarbeidet finst i lov, forskrifter og planar. Det er skolen som har ansvar for å ta det fyrste initiativet til samarbeid med heimane. Begge partar treng dette samarbeidet for * å utføre opplæringsoppgåvene sine best mogleg * å vere medansvarlege oppsedarar * å f å vite korleis elevane opplever skolesituasjonen, og korleis dei har det utanfor skolen * å støtte kvarandre i omsorga for kvart einskilt barn Samarbeidet mellom heim og skole må vere realistisk i forhold til kva som er praktisk mogleg for alle partar. Konfliktar og spenningsforhold må ein ikkje
Skann 62 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/62/