SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 57 skann 59

57 gjennom årsplanar, halvårs-, veke- eller periodeplanar. Detaljplanlegginga gjer kvar lærar sjølv. Godt utbygt samarbeid i lærargrupper kan verke som ei støtte for vikarar. Gjennomtenkte arbeidsplanar for elevane kan dessutan vere med på å stabilisere den undervisninga vikarane gjev. Samarbeid om undervisningsoppgåvene kan organiserast på ulike måtar. Den enklaste samarbeidsforma er at to lærarar samarbeider om undervisninga i ein klasse, fordeler oppgåver seg imellom og gjev hjelp og rettleiing til grupper av elevar, einskildelevar eller samla klasse etter kva som trengst. Denne samarbeidsforma gjev lærarane høve til å fordele undervisningsansvaret mellom seg slik at dei faglege og personlege ressursane til kvar lærar kjem fram. Samarbeidet mellom lærarane kan verte utvida til å omfatte større arbeidseiningar enn klassen. Det kan femne om eitt eller fleire fag. Det må vere høve til å skipe samarbeidsgrupper med ulike funksjonar og arbeidsoppgåver ut frå behov og føresetnader ved kvar skole. Når ein vel samarbeidsmodell, er det likevel eit viktig prinsipp at elevane får færrast mogleg lærarar. Det er særleg viktig å passe på dette på ungdomssteget, der faglærarsystemet er mest utbreitt. Det er og ønskjeleg å finne fram til ordningar som kan skape oversiktlege samarbeidsforhold for lærarane, og som er enkle å administrere. Arbeidet bør organiserast med utgangspunkt i lærargrupper som deler ansvaret for undervisninga av ein klasse eller storklasse. Samarbeidsordningane må ta sikte på ei rimeleg fordeling av arbeidsmengdene. For undervisning av elevar med særlege opplæringsbehov er det nødvendig med eit nært samarbeid mellom klassestyraren og spesiallæraren. I somme tilfelle kan elevar med samansette lærevanskar og trenge hjelp frå andre sakkunnige. Det er viktig å vurdere om noko av denne hjelpa kan gjevast ved at ulike fagpersonar samarbeider, slik at kvar elev ikkje får for mange vaksne å vende seg til. Klassestyraransvaret Når fleire lærarar arbeider samtidig i ei gruppe, eller samarbeider om undervisninga i to klassar, vil elevane få kontakt med fleire vaksne. Det kan verke positivt, men det må heile tida vere klart kven som har klassestyraransvaret, slik at både lærarar og elevar veit kven dei har å vende seg til. I samarbeid med dei andre lærarane skal klassestyraren planleggje og samordne undervisninga for den klassen eller gruppa han har ansvaret for. Han skal halde god kontakt med dei føresette og mellom anna skipe til foreldremøte og konferansar i samråd med klassekontaktane og lærarane i klassen. Klassestyraren har og ansvar for å planleggje og følgje opp arbeidet med elevar som har særlege opplæringsbehov. Arbeidsplan for skolen Alle skolar bør kvart år setje av tid til å arbeide ut ein arbeidsplan for aktivitetane i skolen. Ein arbeidsplan fortel om prioriterte mål og oppgåver, og gjev retningslinjer for arbeidet. Ein slik plan kan vere ein tenleg reiskap både for det daglege arbeidet og for dei meir langsiktige samarbeids- og planleggingsoppgåvene i skolen. Korleis ein formar ut og legg vekt på ulike arbeidsoppgåver i planen, kan
Skann 59 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/59/