SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 56 skann 58

56 God utnytting av rom- og arealressursar, læremiddel og bibliotek, inventar og utstyr, læringsressursar i nærmiljøet og lokalsamfunnet er avhengig av at personalet planlegg godt. Manglande kunnskapar om og innsikt i korleis ressursane i skolen skal disponerast, eller usemje om det, kan skape misnøye og konfliktar i lærarkollegiet. Derfor er det viktig at ein legg vekt på å vere open når ressursbruk skal drøftast, og at heile skolepersonalet, om råd er, kan vere samde om korleis ressursane skal disponerast. Timeplanen Det er mange omsyn å ta når timeplanane for elevane og lærarane skal fastsetjast. Her må ein mellom anna tenkje gjennom korleis tilgjengelege timeressursar skal nyttast, korleis ein kan utnytte ulike arbeidsareal og spesialrom, kva bakgrunn lærarane har, kva valfagtilbod det skal vere, og kor mykje tid det skal vere til lærarsamarbeid. Eit overordna prinsipp for timeplanlegginga er ønsket om at elevane skal få ei heilskapleg undervisning. Timeplanen skal vere ein tenleg reiskap for å gje elevane allsidig og variert opplæring. Han bør gje høve til tverrfagleg arbeid, til samanhengande arbeidsperiodar og til grupperingar på tvers av årsstega når det er ønskjeleg. Lærarkollegiet må vurdere kor mykje det er nødvendig å fastsetje på administrativt hald om einskildtimar på timeplanen til kvar klasse eller gruppe. Kvar lærar eller lærargruppe må kunne få fridom til sjølv å fastsetje timeplanen sin innanfor visse rammer. Ein delvis open timeplan gjev høve til å nytte timerammene for kvart fag på ein fleksibel måte, til å bruke varierte undervisningsformer og til meir lærarsamarbeid. Ei slik ordning høver godt for lærargrupper som deler undervisninga i dei fleste faga i ein klasse eller ei elevgruppe, og som sjølv ønskjer å disponere timane ut frå eigne undervisningsplanar. Timeplanen er ein viktig reiskap for å få samarbeidet mellom lærarane inn i faste former. Så langt råd er, må ein setje av felles tid til samråding og samarbeid for dei lærarane som treng det, og for alle lærarane samla. Det vil variere frå lærargruppe til lærargruppe kor mykje dei treng slik fellestid, og kor mykje det er mogleg å nytte henne. Det viktige er at det vert sett av nok fellestid til å ta nødvendige avgjerder, fordele arbeidsoppgåver, oppsummere og vurdere resultata. Dersom ein ønskjer å samle heile lærarkollegiet til sams planleggingstid i skoletida, kan det vere ei løysing å samlast før elevane kjem til skolen om morgonen, eller etter at skoledagen er slutt. Ei anna løysing kan vere å leggje samarbeidstimen som midttime. Ein timeplan som vert lagd opp i arbeidsøkter med ulik lengd, kan opne for ulike løysingar. Samarbeidsformer Samarbeid mellom to eller fleire lærarar kan styrkje den undervisninga elevane får. Samarbeidet vil og vere ein styrke for planlegginga av arbeidet framover,
Skann 58 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/58/