SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 58 skann 60

58 variere frå år til år og frå skole til skole, alt etter ønske, behov og føresetnader. Planane bør vere retningsgjevande for arbeidet, og dei kan fungere som utviklingsprogram for skolen. Gjennom arbeidsplanen kan skolepersonalet ta stilling til utviklingsoppgåver og planleggingsbehov. Det kan vere arbeid i tilknyting til utvikling av læringsmiljøet, samspel og samarbeid i skolemiljøet, samarbeid mellom skole og heim, lokalt læreplanarbeid, skolering og etterutdanning av personalet o.a. Arbeidsplanen dannar grunnlag for det langsiktige planleggingsarbeidet. Det må leggjast vekt på å skape samanheng og progresjon i planane frå det eine året til det andre. Ei stadig vurdering av arbeidet i skolen og drøftingar om langsiktige mål gjev grunnlag for å utvikle arbeidsplanane vidare. Rektor har ansvaret for å samordne dette planleggingsarbeidet og leggje til rette dei praktiske vilkåra for samarbeid og planlegging. Lokalt læreplanarbeid Mønsterplanen er ein retningsgjevande rammeplan som legg opp til at kvar skole arbeider med, fyller ut og konkretiserer det oppgjevne lærestoffet. Det lokale læreplanarbeidet går ut på å utvikle nærare spesifiserte fag- og emneplanar for undervisninga, på grunnlag av dei forpliktande rammene som er gjevne gjennom dei oppførte hovudemna og delemna og med utgangspunkt i fordelinga av lærestoffet i treårsperiodar og dei rettleiande årsplanane i tilleggshefte for faga norsk, matematikk og engelsk. Til det lokale læreplanarbeidet høyrer arbeidet med å utvikle årsplanar for undervisninga innanfor eitt fag eller for fleire fag samla til ein heilskap. Her tek ein omsyn til kva læreføresetnader elevane har, til lærestoff med tilknyting til lokalsamfunnet og anna aktuelt lærestoff. Særleg må ein ha i tankane samanhengen mellom lærestoff og arbeidsformer. Det lokale læreplanarbeidet kan og gå ut på å utvikle lokalorienterte emneplanar innanfor delar av eitt eller fleire fag. Ein plan for norskopplæringa med vekt på lokal litteratur, folkeminne og dialektar vil til dømes vere ein del av det lokale læreplanarbeidet. Ein emneplan som gjev rammene for lokalhistoriske studium, høyrer med under slikt arbeid. Det same gjer planar som gjev elevane kunnskap om arbeidslivet på heimstaden, kyrkje og kyrkjelyd i lokalmiljøet, aktuelle lag og organisasjonar og kulturinstitusjonar. Planar for bruk av nærmiljøet går inn i det lokale læreplanarbeidet. Dette planarbeidet kan og tene lokalsamfunnet ved at skolen gjer elevane medvitne om viktige kulturtradisjonar, og ved at lærarar og elevar er med på å kaste lys over oppgåver i lokalmiljøet. Dei lokale læreplanane er bindeledd mellom mønsterplanen og undervisningsplanane til kvar lærar eller gruppe av lærarar. Planane bør gje rammene for undervisninga, gje lærarane hjelp til å planleggje undervisninga og gje rom for aktuelle behov i læringsarbeidet. Utviklinga av konkret undervisningsmateriell i kvart fag kan vere ei følgje av det lokale læreplanarbeidet, men er ikkje ein del av det. Dei kommunale skolestyresmaktene har fleire funksjonar i det lokale læreplanarbeidet. Skolestyret må leggje tilhøva til rette for arbeidet. Det vil vere naturleg med faste møte mellom skolesjefen og rektorane for å drøfte læreplanarbeidet, og
Skann 60 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/60/