SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 55 skann 57

55 Utbygginga av eit pedagogisk tilbod til 6-åringar gjer det mogleg med eit nærare samarbeid mellom barnehage og skole. Det vil verte aktuelt å utvikle samarbeidsrutinar som kan sikre heilskap og samanheng i det pedagogiske tilbodet ved overgangen til skolen. Samanheng i skolegangen Skolen må vise særleg omtanke for å ta vare på samanhengen i skolegangen for kvar elev. Elevar som flytter frå ein skole til ein annan, og som får nye klassekameratar og nye lærarar, må få hjelp til å kome godt i gang i den nye skolesituasjonen. Ei oppgåve over gjennomgått lærestoff må følgje med til den nye skolen. God kontakt og nært samarbeid mellom lærarar, elevar og foreldre kan i slike høve gjere overgangen lettare. Overgangen frå barnesteg til ungdomssteg kan vere ein utfordrande situasjon. Skoleskiftet kan vere ein positiv stimulans for mange elevar ved at det vert stilt nye forventningar og krav til dei både frå foreldre, lærarar og frå dei sjølv. For andre kan skiftet skape vanskar. God informasjon mellom barnesteget og ungdomssteget, og mellom skolen og heimen, gjer overgangen lettare. Lærarane på barnesteget og ungdomssteget bør førebu overgangen i samarbeid. Lærarane på ungdomssteget må verte informerte om det arbeidet som er gjort på barnesteget, og om kva arbeidsmåtar og organiseringsformer som har vore brukte. Overgangen kan gjerast lettare ved at sjetteklassingane får høve til å verte kjende med den nye skolen før skoleåret tek til. Lærarane på barnesteget må og, i samarbeid med foreldra og elevane sjølv, informere om særlege tiltak som er nødvendige, og om særlege omsyn som må takast til somme elevar. Grunnskolen har ansvar for at elevane får informasjon om vidare utdanningsvegar og yrkestilbod. Elevane må derfor få hjelp til å orientere seg i aktuelle tilbod på heimstaden, i kommunen eller andre stader. Skolane må ta kontakt med vidaregåande skolar i nærleiken, som må få informasjon om arbeidsmåtar som har vore brukte og om innhaldet i undervisninga på ungdomssteget. Grunnskolen har eit særskilt ansvar for å gje informasjon om elevar som har særlege opplæringsbehov. Ressursdisponering Lærarkollegiet ved kvar skole må drøfte korleis dei menneskelege og materielle ressursane skal brukast i undervisninga. Alle einskildpersonar og grupper i det vaksne miljøet ved skolen er viktige ressursar i læringsarbeidet. Den pedagogiskpsykologiske tenesta, den pedagogiske rettleiingstenesta, foreldre og eldre i nærmiljøet, ulike grupper i arbeidslivet og lokalmiljøet er og ressursar i arbeidet i skolen. Dei materielle ressursane er fyrst og fremst knytte til dei økonomiske rammene, og til den fysiske og materielle utrustinga av skolen. Desse ressursane er avgjerande for korleis lærarane og personalet elles kan få brukt evnene, røynslene og kunnskapane sine i undervisninga. Derfor er det svært viktig at lærarane og leiinga ved alle skolar tek seg god tid til å drøfte rammetimetalet og korleis det skal disponerast, konverteringstimar, timetal for pedagogiske og sosialpedagogiske styrkingstiltak, tilleggsressursar til elevar med særlege behov og den 38. skoleveka.
Skann 57 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/57/