SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 54 skann 56

KAPITTEL 8 54 LÆRARSAMARBEID OG PLANLEGGING Gjennom samarbeid kan skolepersonalet gje kvarandre støtte og hjelp til å planleggje undervisninga og i arbeidet med elevane. Det krev vilje og ei open haldning å finne fram til løysingar som fleire kan samle seg om, og som er viktige for felleskapet. Det er ein styrke for arbeidet i kvar skole og for utviklinga av skolemiljøet om skolepersonalet finn fram til gode samarbeidsformer. Slik kan lærarane vise elevane kor viktig det er med godt samarbeid. Samarbeidet er og nødvendig for å kunne bruke dei menneskelege og økonomisk-materielle ressursane på ein god måte. Gjennom samarbeidet må personalet freiste å kome fram til ei klar arbeidsog ansvarsfordeling når det gjeld undervisningsoppgåvene, og finne fram til planleggingsrutinar som kan tene arbeidet. Godt lærarsamarbeid er ei hjelp til å kunne utføre dei mange og krevjande arbeidsoppgåvene i skolen. Heilskap og samanheng i undervisninga Å gjere klart kva som er mål og innhald for det pedagogiske arbeidet i skolen er ei felles oppgåve for alle lærarane og skoleleiinga. Det er ein prosess som skjer på ulike plan, både når einskildlæraren planlegg undervisninga si, og når personalet tenkjer gjennom oppgåver på tvers av fag og klassar og for heile skolen. Planlegginga må ta sikte på å styrkje elevane si kjensle av å høyre til eit fellesskap, både i den einskilde klassen og på tvers av klassar og klassesteg. Ho må hjelpe elevane til å sjå heilskap og samanheng i det lærestoffet dei skal arbeide med, og ho må gje grunnlag for meiningsfylte arbeidssituasjonar. Det er viktig at planlegginga byggjer på drøftingar og ei sams forståing av undervisningsoppgåvene. Drøftingane må omfatte verkemiddel og tiltak, ressursdisposisjonar og prioriteringar. Ei open drøfting av oppgåvene vil vere med på å gje planleggingsarbeidet den breie forankringa det må ha, og skape eit felles arbeidsgrunnlag for alle.
Skann 56 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 54». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/56/