SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 51 skann 53

51 språklege krav vert tekne omsyn til. Læremidla skal og vere med på å fremje jamstelling mellom kjønna. Trykte læremiddel bør vere oversiktlege, tiltalande og praktiske i bruk. Elevane bør lett kunne finne fram til nødvendige forklaringar, instruksjonar og oppgåver. Elevane skal lære å hente informasjon frå fleire kjelder. Dei må lære å sjå at informasjon om dei same forholda kan stamme frå ulike fagområde. Lærebøker bør kunne byggjast opp på tverrfagleg basis, og slik at dei kan brukast saman med ulike typar medium. Læremidla må gje rom for arbeid med lokalt lærestoff. Læremiddel som skal brukast i praktiske og estetiske fag, må gje rom for fantasi og skapartrong, og stimulere utviklinga av praktisk dugleik. Bruk av data- og medieteknologi som hjelpemiddel i undervisninga Data- og medieteknologien gjev grunnlag for å utvikle mange lære- og hjelpemiddel. Denne teknologien kan mellom anna brukast til å skape oversikt over, systematisere, forenkle og konkretisere lærestoffet, og lette læringsarbeidet for elevane. Datateknologien gjer det og mogleg å visualisere lærestoff og simulere situasjonar. Pedagogisk programvare vil vere tilgjengeleg til bruk i dei fleste faga, og vil vere laga ut frå det formålet at ein skal arbeide med eit spesielt tema i eit spesielt fag. Programsystem som til dømes tekstbehandling og rekneark kan vere gode pedagogiske hjelpemiddel. Eit tekstbehandlingsprogram kan vere til hjelp for elevane i ulike delar av skriveprosessen. Det kan nyttast som notatblokk og som reiskap i redigering, formgjeving og lagring av tekst. Dette hjelpemiddelet kan og nyttast når elevane skal gjere seg kjende med ulike skriftlege medium, til dømes avis, og sjølv lage klasse- eller skoleavis. Datateknologien kan og vere eit nyttig hjelpemiddel for elevar med visse slag funksjonshemmingar. Gode pedagogiske program er ein føresetnad for å kunne nytte ut dei læringssjansane som data- og medieteknologien byr på. Undervisning ved hjelp av data- og medieteknologi vil i dei fleste tilfella seie at elevane får kjennskap til korleis hjelpemidla er oppbygde, og korleis dei verkar. Elevane må og lære om korleis og på kva område teknologien kan brukast, og om kva verknader han har. Innkjøp av data- og medieteknologisk utstyr og programvare må skje ut frå pedagogiske vurderingar. Skolebiblioteket Skolebiblioteket omfattar alle typar lærebøker, medium og materiell som vert brukte i læringsarbeidet, og skjønnlitteratur og faglitteratur til studiearbeid og fritidslesing. Også faglitteratur som lærarane treng for å planleggje undervisninga si, er ein del av biblioteket. Til skolebiblioteket høyrer dessutan utstyr som er nødvendig for å bruke læremidla. Skolebiblioteket har ein sentral pedagogisk funksjon i arbeidet i skolen. Samtidig har skolebiblioteket eit allmennkulturelt formål gjennom formidling og utlån. Biblioteket skal gje elevane leseglede og stimulere dei til å lese i fritida. Dei må få rettleiing om bokval, og kjennskap til norsk og internasjonal skriftkultur. Eit viktig prinsipp for organiseringa av læremidla må vere at dei, så langt råd er, er plasserte der det er mest bruk for dei, slik at desse ressursane vert nytta aktivt og fleksibelt. Det vil seie at ein må vurdere kva materiell som bør plasserast i eit sentralt bibliotek, og kva som bør plasserast i nærleiken av eller i sjølve klasseareala. Bruksbehovet og det aktuelle materialtilfanget og ressurssituasjonen
Skann 53 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 51». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/53/