SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 50 skann 52

50 utviklar på den måten det sosiale klimaet i klassen. Derfor er det viktig at alle elevar i klassen kan vere med saman med klassestyraren. Eit ideelt leirskoleopphald bør ha minst tre-fire overnattingar. Tidslengda må vurderast pedagogisk, praktisk og økonomisk. Elevane må få vere med på minst eitt leirskoleopphald mens dei er i grunnskolen. Grunnlaget for eit vellukka leirskoleopphald er grundig planlegging. Dei praktiske sidene ved opphaldet må planleggjast i god tid føreåt. Elevar og foreldre bør vere med på planlegginga. I etterarbeidet må ein nytte røynslene og kunnskapane frå opphaldet intensivt. Leirskoleopphaldet kan vere på faste leirskolestader med pedagogisk leiar, lærar eller instruktør, og med opplæringstilbod som tek utgangspunkt i spesielle naturforhold og vilkår på staden. Klassestyraren må samarbeide med leirskolestaden, slik at opplegget kan utfylle arbeidet klassen driv med elles. Når foreldre og skoleleiing gjev samtykke til det, kan leirskoleopphald og leggjast til stader der klassestyraren, eventuelt andre lærarar, tek ansvaret for det pedagogiske opplegget. Ei slik form for leirskole gjev større fridom til å planleggje leirskoleaktiviteten i samsvar med det arbeidsopplegget klassen følgjer elles. Slike opplegg krev grundig førearbeid. Det gjev godt høve til samarbeid mellom lærarar, elevar og foreldre. Læremiddel Læremidla er heilt avgjerande for læringsarbeidet. Det gjeld ikkje berre sjølve utvalet av læremiddel og korleis dei kan brukast. Det gjeld like mykje bruksorganiseringa og plasseringa av læremidla i undervisningsareala på skolen. Med læremiddel meiner vi her alt det utstyret og materiellet som lærarar og elevar treng til undervisninga og læringsarbeidet. Det gjeld ulike typar verktøy og øvingsutstyr, framstellings- og forbruksmateriell, lærebøker og annan litteratur, hjelpemiddel til framsyning og informasjonssøking o.a. Når ein skal velje læremateriell, må ein ha det siktemålet å skape variert undervisning og gje alle elevar tilpassa opplæring. Elevar med særlege opplæringsbehov har krav på hjelpemiddel som er nødvendige for dei i skolearbeidet. Innkjøp av ferdigprodusert læremateriell og utvikling av læremiddel med lokalt tilsnitt i kvar skole eller kommune bør gå inn i ein samla plan for styrking av læringsmiljøet for elevane. Utnyttinga av læremidla må ein sjå i samanheng med korleis elevgruppene og arbeidet til elevane vert organiserte. Krav til læremiddel Læremidla skal gjere det lettare for elevane å ta til seg kunnskap og dugleik. Dei skal vere med på å motivere, engasjere og aktivisere elevane i skolearbeidet. Dei må appellere til ulike interesser hjå elevane og kunne tilpassast ulike arbeidsmåtar. Læremidla må vere lagde til rette slik at dei gjev elevane høve til å arbeide åleine og saman med andre. Alle læremidla, også dei som vert utvikla lokalt, og alle typar tilleggslitteratur som vert brukt i skolen, må fylle visse krav til innhald. Dei overordna måla for skolen, kriteria for val av lærestoff og mål og innhald for kvart fag må vere avgjerande for val av læremiddel. Ein må sjå til at faglege, pedagogiske og
Skann 52 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 50». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/52/