SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 52 skann 54

til skolen må avgjere kor langt ein kan gå i desentralisert plassering. Korleis skolebygningane er utforma, vil og vere med på å avgjere kor langt ein kan gå i å plassere samlingane desentralisert. Det bør finnast tilvisingar til ulike typar informasjon om dei emna elevane arbeider med. Elevane må lærast opp til å bruke biblioteket. Lærarbiblioteket må innehalde litteratur som gjer det mogleg for lærarane å halde seg orienterte om aktuelle føresegner og utgreiingar om arbeidet i skolen, og om faglege, pedagogiske og fagmetodiske spørsmål. Biblioteket må kunne gje dei hjelp til å planleggje undervisninga. Skolebiblioteket må få tilknyting til det nasjonale bibliotekssystemet gjennom det lokale folkebiblioteket. Det er ein fordel om skolebiblioteket systematiserer samlingane sine etter same systemet som folke- og fylkesbiblioteka. Der det er formålstenleg, må skolane kunne organisere noko av skolebibliotektenesta som fellesteneste for ei gruppe av skolar eller samla for alle skolane i kommunen. Skolane bør samarbeide med folke- og fylkesbiblioteka for å skape eit samordna bibliotektilbod for alle barn og unge, og sørgje for at dei ressursane det her er tale om, er lett tilgjengelege for elevane. Arbeidet med å byggje opp og organisere skolebiblioteket må vere ei prioritert oppgåve i skolen. Eit målretta og strukturert arbeid på dette feltet er ein føresetnad for at ein skal få nytta dei økonomiske rammene godt, og for at ein skal kunne planleggje og gjennomføre ei allsidig og tilpassa undervisning. Ansvaret for skolebiblioteket må vere klart definert ved kvar skole. Skoleanlegget Skoleanlegget, dvs. bygningane og uteområda, er den fysiske ramma for det pedagogiske arbeidet. Det er ein pedagogisk reiskap som skal tene fleire formål. Utforminga må ein planleggje ut frå ein samla bruksplan for anlegget. Skolebygningane skal og kunne brukast til formål utanom skoletida, og derfor bør dei vere forma med tanke på fleirbruk og sambruk. Skolebygningane må vere lagde til rette for opplæring som skal vere tilpassa ulike behov og føresetnader hjå elevane. Det må vere høve til varierte samvære- og arbeidsformer og ulike elevgrupperingar. Skoleanlegget som heilskap skal ha fullgode vilkår for læring, leik og utfalding, praktisk og kulturelt arbeid. Det skal gje elevane høve til fysisk trening og utvikling. Både skolebygget og uteområda har ein viktig trivselsskapande funksjon. Derfor må ein leggje arbeid i å gjere anlegget bruksvennleg og estetisk tiltalande. Inventar og utsmykking av bygningane bør ein planleggje, forme ut og halde ved like med tanke på at elevane skal få sans for harmoni og kvalitet. Det er eit arbeid som elevane bør vere aktivt med i. Stell og fornying av skoleanlegget kan vere ei arbeidsoppgåve som er med på å samle foreldre, elevar og lærarar i eit felles, miljøskapande arbeid. Det vil og gje elevane ei sterkare kjensle av medansvar for skolen. Behovet for allsidige og vekslande arbeidsformer gjer at det kan verte nødvendig å byggje om og utbetre både skolebygningar og uteanlegg. Idear til slik ombygging kan hentast mellom anna frå skolar med planløysingar som i praksis har vist seg å fungere godt.
Skann 54 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/54/