SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 49 skann 51

49 ment er det viktig å førebu elevane og arbeide for at utbytet kan verte så rikt som mogleg under gjennomføringa og etterarbeidet. Gjennom heile skoletida må det vere høve til å samle elevane om opplesing av litteratur, song og musikk, samtale om biletlege uttrykksformer, naturopplevingar, drama, dokketeater 0.1. Innhald og form må variere med alderen og føresetnadene til elevane. Elevane må verte stimulerte til aktivt skapande arbeid, og i stadig større grad få ansvar for å velje ut, leggje til rette og framføre stoffet. Det må leggjast vekt på at elevane får utvikle sansen for kvalitet i innhald og uttrykksform. Drama som uttrykksform og arbeidsmåte gjev næring til kjensler, fantasi og vilje, og oppmuntrar til skapande aktivitet. Drama høver godt til å fremje samarbeid mellom elevane, det kan skape tryggleik og sjølvtillit hjå elevar med hemningar og kan verke engasjerande og frigjerande på alle elevar. Rollespel og rolleleik kan gje barn og unge innsikt i tenkte situasjonar og i situasjonar dei vanlegvis ikkje møter. Lærarane bør vere klare over og nytte dei sjansane som både drama og rollespel kan gje til oppleving, aktualisering og utdjuping av lærestoffet. Ekskursjonar og feltarbeid Ekskursjonar og feltarbeid er nødvendige delar av ei undervisning som har som mål å gjere læringa konkret. Samtidig er det arbeidsformer som er med på å bryte opp klasseromsaktivitetane og skape variasjon i undervisninga. Ekskursjonar og feltarbeid krev både føre- og etterarbeid som gjer at det vert samanheng i undervisninga. I tverrfaglege opplegg, prosjektarbeid eller emneopplegg er det ofte naturleg med slike arbeidsformer. Både i planlegginga og utføringa av arbeidsoppgåvene må røynslene og kunnskapane til elevane takast i bruk, og elevane må få medansvar for oppgåvene. Personar med kjennskap til dei aktuelle ekskursjonsstadene og emneområda bør dragast inn i arbeidet der det er mogleg. Eldre menneske med god lokalkunnskap vil ofte vere verdifulle ressurspersonar i slike samanhengar. Fornminne, museum, utstillingar, institusjonar, biotopar 0.1. har tradisjon som ekskursjonsmål. Det er ei oppgåve for kvar skole og for kommunen, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid, å lage oversikter over aktuelle ekskursjonsstader og kva emne dei kan knytast til. Nærmiljøet rundt skolen er det fyrste og mest nærliggjande området for feltarbeid. Jf. kapittel 14, praktisk, sosialt og kulturelt arbeid. Leirskole Leirskole er ei arbeidsform som gjev spesielle vilkår for å utvide røynslene til elevane gjennom nye samværeformer og kontakt med nye miljø. Fritid, undervisning, kameratskap, hyggje og arbeid kan smelte saman i ein naturleg heilskap og eit fellesskap mellom lærarar og elevar. Leirskoleopphaldet gjev ofte elevane utfordringar og høve til å utfalde seg, og
Skann 51 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/51/