SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 48 skann 50

48 tvers av faggrenser og drøfte korleis kunnskapar og dugleik kan brukast og utviklast vidare gjennom konkret arbeid med eit problemfelt. Elevane og planlegginga Ved gradvis å gje elevane medinnverknad og medansvar i læringsarbeidet kan skolen gje rettleiing i demokratiske arbeidsmåtar. Ei viktig side ved oppgåva med å stimulere utviklinga av ansvarskjensla til barna er å la dei vere med og planleggje læringsarbeidet. Dette arbeidet bør skje i takt med at barna utviklar seg. Elevane må vere med på å bestemme over sider av gjeremåla som verkar reelt inn på arbeids- og læringssituasjonen deira. Det gjeld til dømes korleis dei skal disponere tida i læringsarbeidet, både på skolen og heime. Det gjeld val av lærestoff og læremateriell, arbeidsmåtar og arbeidsvilkår elles. Lærarane må planleggje elevmedverknaden på desse områda, og han må vekse fram over tid. Utviklinga på dette feltet er ein del av ansvarslæringa for elevane. Korleis elevane skal vere med i planleggingsarbeidet, kan ordnast på ulike måtar. I somme tilfelle vil det vere naturleg å gjere avtalar med elevane i samla klasse, til dømes gjennom klassemøte. I andre tilfelle kan det vere tenleg å la elevane drøfte seg fram til ordningar for arbeidet i mindre grupper. Det kan og vere aktuelt å ta i bruk skriftlege arbeidsplanar for elevane, samla for heile klassen, for grupper eller for einskildelevar. Slike arbeidsplanar kan gjelde for kortare eller lengre periodar, til dømes plan for ein dag, ei veke eller meir. Planane gjer det mogleg å tilpasse undervisninga til ulike behov i elevgruppa. Ei viktig side ved arbeidsplanane er at dei kan gje lærarar og elevar oversikt over det arbeidet som skal gjerast. Vert planane brukte på rett måte, kan dei gjere undervisninga heilskapleg og samanhengande, og hjelpe elevane til å gjere ansvarlege val. Gjennom ulike former for avtalar og arbeidsplanar i undervisninga kan elevane gradvis venjast til å ta større ansvar for læringsoppgåvene. Samstundes kan arbeidsplanane vere grunnlag for den rettleiinga lærarane skal gje elevane. Arbeidsplanen for elevane kan i mange tilfelle vere eit viktig bindeledd mellom skolen og heimen, ved at han gjev oversikt over og høve til innsyn i arbeidsoppgåvene for alle partar. Estetiske uttrykksformer og skapande aktivitetar Estetiske inntrykk og opplevingar og ulike former for skapande aktivitetar må vere ein naturleg del av undervisninga. Sjølv om somme fag heilt eller delvis tek for seg estetisk opplæring og oppseding, skal ein ikkje forstå det slik at berre dei faga har ansvar for dette området. Gjennom arrangement på skolen og gjennom studiebesøk 0.1. bør ein leggje forholda til rette for at elevane kan kome i kontakt med kunstnarlege kulturverdiar og arbeid i notid og fortid. Det kan vere aktuelt å ordne med utstillingar av arbeid barna har laga sjølv, av barnearbeid frå andre stader, av eit utval biletkunst, brukskunst m.m. Elevane bør vere medansvarlege for montering og tilrettelegging. Likeins bør det sytast for at musikarar, skodespelarar, diktarar og biletkunstnarar vitjar skolen, eller andre som kan vere med på å gje elevane betre kunnskap om kunst og kultur. Der det er mogleg, bør elevane og vitje teater, konsertar, utstillingar, samlingar og liknande i skoleregi. Ved alle slike arrange -
Skann 50 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/50/