SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 47 skann 49

47 kunne utnyttast i mange samanhengar. Praktisk måling og veging i heimkunnskapstimane er til dømes også matematikk. Tema for oppgåver i norsk kan vere henta frå orienteringsfaga. Kyrkjehistoriske emne i kristendomskunnskap heng saman med generelt historiske emne i orienteringsfaga. Musikk og song kan gå inn i mange fag: musikk og rørsle i kroppsøving, musikk, lyrikk og drama i norsk, folkemusikk i tilknyting til arbeid med andre land, folk og kulturar i orienteringsfaga. Men også innanfor samordna undervisning er det nødvendig med systematisk opplæring og øving innanfor visse område, t.d. grunnleggjande lese-, skriveog rekneopplæring. Når lærestoffet vert fordelt på fleire fag, må ikkje det føre til at undervisninga vert oppstykkja av den grunn. På småskolesteget har klassestyraren til vanleg det aller meste av undervisninga i ein klasse. På det steget skulle såleis forholda liggje praktisk godt til rette for å ta i bruk tverrfaglege emne og gjennomføre eit samordna, heilskapleg undervisningsopplegg. På mellomsteget får elevane fleire fag, og som oftast vil klassen ha meir enn ein lærar. Då vert det nødvendig med organisert samarbeid mellom lærarane for at dei skal kunne gje samordna undervisning. På ungdomssteget kan det verte vanskeleg å koordinere faga dersom det vert brukt mange faglærarar. Føresetnadene for samordning kan betrast ved at lærarane organiserer seg i tverrfaglege arbeidslag som har ansvaret for heile eller det meste av undervisninga i ein klasse. Prosjektarbeid er ei arbeidsform som gjev særleg gode høve til å kombinere lærestoff frå ulike fag og arbeide med tverrfaglege tema. Utgangspunktet for eit prosjektarbeid er eit problem eller eit problemområde. Å velje tema og formulere problemstillingar er i seg sjølv ein viktig del av prosjektarbeidet. Tema for prosjektarbeid kan hentast frå lokalsamfunnet (naturforhold, samfunnsforhold, arbeidsliv, kulturliv), eller frå andre delar av lærestoffet i skolen. Problemformuleringane må vere handlingsretta, slik at det går an å granske dei nærare gjennom direkte røynsler, gjennom intervju med aktuelle personar og ved å samle inn materiale frå bøker og andre kjelder. Prosjektarbeid kan femne om mange slags arbeidsoppgåver og aktivitetar. Planlegginga vert derfor ein viktig del av arbeidet. Planen for arbeidet skal gje oversikt både over innhald, arbeidsmåtar, omfang og tidslengd. Planleggingsfasen er ikkje utan vidare avslutta når arbeidet kjem i gang, for under arbeidet kan det verte nødvendig å revurdere og endre planane. I prosjektarbeid vert det lagt stor vekt på sjølve arbeidsprosessen. Ved å vere med i eit prosjekt får elevane høve til å vurdere kva som er aktuell kunnskap i forhold til ei gjeven problemstilling, dei får vite korleis dei kan skaffe nødvendig informasjon, og dei får høve til å finne materiale sjølv og arbeide med stoffet på ulike måtar. Ulike arbeidsmåtar og uttrykksformer må nyttast. Dei ulike arbeidsoppgåvene og aktivitetane som trengst i eit prosjektarbeid, gjer det mogleg for elevar med ulike føresetnader å yte sitt til fellesskapet. Sluttproduktet bør vere slik at kunnskapar og røynsler frå prosjektet kan verte formidla til andre. Korleis ein skal presentere stoffet, kjem mellom anna an på innhaldet i prosjektet, kor gamle elevane er, kva hjelpemiddel skolen har, og andre praktiske forhold. Som oftast vil det vere ønskjeleg med ein kombinasjon av fleire presentasjonsformer: biletstoff, dramatisering, munnlege og skriftlege rapportar. Elevar og lærarar bør vurdere prosjektet saman når arbeidet er avslutta. Denne vurderinga vil gjere det mogleg for elevane å få drøfte sitt eige læringsarbeid på
Skann 49 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 47». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/49/