SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 46 skann 48

46 Timeplanen må ordnast slik at tverrfagleg arbeid vert mogleg, for samanhengande arbeidsperiodar og for grupperingar på tvers av årsstega når det trengst. Skoledagen kan organiserast på ulike måtar. For at elevane skal få ro over arbeidet og oppleve arbeidsdagen som ein meiningsfylt heilskap, må ein sjå fordelinga av timar til ulike fag og aktivitetar i samanheng. Dagen må ein kunne dele inn i arbeidsøkter eller arbeidsperiodar av ulik lengd, etter behov. Innanfor arbeidsøktene må det vere mogleg å skifte aktivitetar alt etter kor gamle, modne, motiverte eller uthaldande elevane er. Dei yngste elevane kan ha bruk for å skifte aktivitetar nokså ofte. Etter kvart som elevane vert eldre og meir sjølvstendige, kan dei utføre meir omfattande oppgåver, og det vil vere naturleg for dei å arbeide i meir samanhengande periodar. Etter kvart må elevane få medansvar for når og kvar dei ulike arbeidsoppgåvene skal gjerast, til dømes i ein skoledag eller ei skoleveke, på skolen eller heime. Arbeidsareala Utforminga og innreiinga av arbeidsareala til elevane skal tene til å skape trivelege og stimulerande læringssituasjonar. Derfor har desse areala ein viktig pedagogisk funksjon. Alle elevar, både på barne- og ungdomssteget, må om praktisk mogleg ha eit fast klasseareal eller heimeområde å gå til. Dette området må dei kunne rekne som den faste tilhaldsstaden sin i skolen. Ei slik ordning er med på å skape tryggleik og stabilitet i læringsmiljøet. Det faste arbeidsarealet må verte innreitt og utstyrt ut frå ein gjennomtenkt plan for læringsarbeidet. Ein må unngå at elevane stadig må skifte rom. Innreiinga av klassearealet må vere slik at elevane lett kan skifte arbeidsplass, ta kontakt med medelevar og danne grupper. Arealet må ein kunne møblere ut frå skiftande behov. Det bør vere hylle- og skapplass for kvar elev, og plass til å stille ut elevarbeid. Det vil seie at golv- og skapplass vert godt utnytta. For elevar med særlege opplæringsbehov vil det i mange tilfelle vere nødvendig å installere teknisk spesialutstyr, til dømes spesialbord, spesielt tilpassa skrivemaskinar og elektroniske hjelpemiddel. Der det er praktisk mogleg og forsvarleg, kan ein utvide klasseareala til å femne om siderom og eventuelle korridorparti. Skoleanlegget er omtale i eit eige avsnitt. Samanheng i lærestoffet All undervisning må få preg av eit heilskapssyn. Opplæringa innanfor eitt fagområde må støtte opplæringa innanfor andre fagområde. Elevane må oppleve fag og aktivitetar som heilskapar, utan for mange avbrot. Derfor må dei få høve til å fordjupe seg i visse fagområde, eller til å arbeide tverrfagleg utan at den oppsette timeplanen set for sterke avgrensingar. Lærarane må ta nødvendige omsyn til vanskegrad og progresjon når elevane skal lære og øve seg i grunnleggjande kunnskapar og dugleik. For å skape heilskap og oversikt over lærestoffet må ein ta vare på og utnytte tverrfaglege element. Elevane må få hjelp til å sjå samanhengar på tvers av faggrensene og innanfor kvart fag. Som ei hjelp i dette arbeidet har somme fagplanar tilvisingar til nokre tverrfaglege emne som er behandla i fleire planar. På dei lågaste klassestega er det naturleg å gje ganske stor plass til samordna undervisning. Det vil seie at ulike fag- og aktivitetsområde vert sedde i samanheng og ordna med sikte på å utfylle og støtte kvarandre. Kunnskapar og dugleik bør
Skann 48 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 46». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/48/