SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 45 skann 47

45 verte oppmuntra til å be kvarandre om hjelp og samarbeide om oppgåver i det daglege arbeidet. Det må vere høve til å danne grupper når behova melder seg. Læraren har ei viktig oppgåve i å leie gruppedanningane og gruppeaktivitetane til beste for alle elevane. Også når elevane arbeider i grupper, er det viktig å nytte dei ressursane som elevar frå språklege minoritetar representerer. I nokre samanhengar kan det gjerast best ved at elevar med same morsmål får arbeide saman, medan det andre gonger er aktuelt å la elevar frå språklege minoritetar arbeide saman med elevar som har norsk som morsmål. Lærarar og elevar bør så langt råd er, vere saman om å vurdere kva funksjonar grupperinga av elevane skal ha. Storleiken på gruppene, samansetjinga og arbeidsmåtane må variere alt etter siktemålet med arbeidet. Det bør helst vere ei jamn fordeling av gutar og jenter i gruppene. Samling på tvers av klassegrensene I visse situasjonar kan det vere ønskjeleg å samle fleire grupper eller klassar i ein storklasse. Ei slik større eining kan vere med på å byggje bru over klassegrensene og styrkje trivselen i skolemiljøet. Parallelle klassar bør så langt det er råd, plasserast i nærleiken av kvarandre, slik at det vert godt høve til fellesarbeid, lærarsamarbeid og gruppering på tvers av klassegrensene. I skolen er det mange sosiale og kulturelle aktivitetar der det vil vere ein klar fordel å slå saman to eller fleire klassar, til dømes når elevane har morgonsamling eller er engasjerte i drama-, musikk- eller songaktivitetar. Slike fellessamlingar kan vere naturlege også når elevane skal sjå film, video-opptak, høyre foredrag eller lytte til musikk, mellom anna når det kjem vitjing utanfrå. Framføring av resultat frå eit prosjektarbeid eller emneopplegg kan og høve godt for storklasse. I slike samanhengar kan det dessutan vere aktuelt å samle heile skolen. Aldersblanda grupper Ved at ein set saman elevgrupper på tvers av årsstega, kan elevar med ulik alder verte kjende med kvarandre, dei kan lære av kvarandre, inspirere kvarandre og ta ansvar for kvarandre. Eldre elevar kan hjelpe yngre, både med teoretiske og praktiske oppgåver, og dei små elevane kan kjenne seg tryggare i forholdet til dei større. Kontakt og felles arbeid mellom småskole og barnehage har og vist seg å gje gode resultat. Slik organisering kan skje for kortare eller lengre periodar, men utan at klassen vert oppløyst som sosial eining. Organisering av arbeidet til elevane Det er ei viktig oppgåve for skolen å leggje til rette eit læringsmiljø som sikrar elevane gode arbeidsvilkår, og som gjer det mogleg å organisere arbeidet på ulike måtar. Skoledagen og timeplanen til elevane Timeplanen for elevane er ein viktig reiskap når det gjeld å strukturere det allsidige arbeidet som skal føregå i og utanfor skolen. Timeplanen skal og lære elevane å forstå korleis ein disponerer tida si.
Skann 47 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/47/