SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 44 skann 46

44 utviklande for heile klassen. Klasseråd, klassetimar og klassemøte må haldast i samla klasse. Undervisning i samla klasse vil ofte vere tenleg når det same stoffet skal presenterast for alle elevane, og ved diskusjonar, foredrag, demonstrasjonar og dramatisering. Men ein må ta omsyn til at elevane har ulik konsentrasjonsevne, læreføresetnader og læringsmåtar, og derfor ikkje drive for omfattande klasseundervisning. Det må takast omsyn til at elevane kan ha behov for å arbeide åleine eller i mindre grupper. Varierte organiserings- og arbeidsformer i klassen gjev svært gode vilkår for å skape eit godt læringsmiljø for alle elevane. Det gjeld og elevar med særlege opplæringsbehov. For desse elevane vil den sosiale og intellektuelle kontakten som medelevar og klassefellesskap kan gje, ofte verke stimulerande på læringa. Å høyre fast til i klassen gjev dei dessutan ein tryggleik som er eit viktig grunnlag for trivselen og utviklinga deira. Individuelt arbeid Ein god del av læringa må skje ved at elevane arbeider individuelt med lærestoffet. Anten elevane er plasserte kvar for seg, i grupper på to eller fleire, eller dei arbeider i samla klasse, må det vere rom for sjølvstendig, individuelt arbeid. Elevane må kunne skifte aktivitet utan direkte hjelp frå læraren. Det bør vere mogleg å arbeide med ulike fag og aktivitetar på same tid, individuelt eller i grupper. Individuelt arbeid må organiserast slik at elevane lærer å respektere den sjølvstendige innsatsen til kvarandre. Dei må møtast til samarbeid på like fot, og få sjansen til å lære å forstå at alle tilskot er verdifulle. Arbeid i grupper Bruk av grupper i undervisninga tener ulike formål og har ulike funksjonar. Gjennom arbeid i grupper kan elevane utvikle samhald og felles ansvar. Gruppene spelar og ei viktig rolle når elevane skal lære å samarbeide. Organiseringa av undervisninga i grupper er dessutan til hjelp i arbeidet med å tilpasse undervisninga til ulike føresetnader hjå elevane, både ved at læraren kan gje gruppevis rettleiing når det trengst, og ved at elevane vert oppmuntra til å hjelpe kvarandre. Heilt frå dei begynner i skolen, bør elevane få høve til å arbeide saman med andre. Utgangspunktet i fyrste klasse vil vere den naturlege samleiken mellom barna og gruppeaktivitetane deira. I takt med at elevane utviklar seg, kan samarbeidsoppgåvene utvidast og elevane gradvis få større ansvar. Ein føresetnad for organisert gruppearbeid er at elevane har lært å arbeide sjølvstendig. Dei må få hjelp til å utvikle evnene sine til samarbeid og til arbeid i grupper. Gruppearbeid krev ein gjennomtenkt plan for arbeidet og tilgang på nødvendige læremiddel og hjelpemiddel. Opplegget vil kunne variere alt etter det emnet som er valt, den tida som er til rådvelde for arbeidet og andre praktiske føresetnader. Arbeid i grupper er eit viktig middel til å lære elevane demokratiske arbeidsformer. Gjennom gruppearbeid kan dei venje seg til å lytte til kva andre meiner, og til å sjå ei sak frå fleire sider. Opplæring i møtedeltaking og møteleiing bør vere ein del av arbeidet med å venje elevane til å samarbeide i grupper. Elevane må få sjanse til å arbeide i grupper også utanom det organiserte gruppearbeidet. Dei må få fridom til å danne spontane grupperingar, og dei bør
Skann 46 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 44». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/46/