SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 43 skann 45

andre menneske rundt seg. Også den måten læringsmiljøet vert organisert og utstyrt på, og dei inntrykka og røynslene dei vaksne set elevane i kontakt med, verkar inn på elevane og fortel om ønske og val frå dei vaksne si side. Barn og unge vert trygge når vaksne er til stades saman med dei og bryr seg om opplevingane og røynslene deira. Organiseringa av elevgruppene i læringsmiljøet og kommunikasjonen og samhandlinga i dette miljøet må ta sikte på å skape tryggleik. Gjennom samarbeid med ulike grupper og instansar i lokalmiljøet kan skolen setje elevane i kontakt med vaksne i ulike aldrar. Det er viktig å styrkje verdi- og kunnskapsformidlinga i skolen gjennom arbeid med oppgåver som må løysast av elevar og vaksne saman. Samværeformene i skolen må gjere det mogleg med naturleg omgang mellom barn, unge og eldre. Når ein organiserer undervisninga, må ein sørgje for at elevane kan få god og stabil kontakt med vaksne. Arbeidsdeling og ansvarsfordeling mellom lærarane må vere slik at elevane veit kven dei skal vende seg til, kven dei kan spørje om hjelp og få rettleiing frå. Uklare ansvarsforhold skaper lett utryggleik. Ei medviten haldning og leiing frå lærarane si side må til for å skape eit godt forhold mellom elevane i dei ulike klassane. Det er viktig å lære barn og unge å løyse konfliktar som kan øydeleggje klassemiljøet. Elevane treng trening i å løyse konfliktar på eiga hand, men dei treng og støtte frå dei vaksne i dette. Dessutan er det viktig å lære å kunne samarbeide sjølv om det eksisterer usemje og konfliktar. Stabil gruppetilhøyrsel Alle elevar på skolen høyrer til eit elevfellesskap, i ei gruppe eller ein klasse. Opplæringa kan organiserast på ulike måtar, med undervisning av einskildelevar eller elevgrupper med ulik storleik. Same kva form ein vel, må ein sørgje for stabile og oversiktlege forhold både for elevar og lærarar. Elevane må vite kvar dei høyrer til og kva lærarar som har ansvar for dei. Lærarane må ha ansvar for eit såpass avgrensa tal klassar og elevar at det er mogleg å lære å kjenne alle tilfredsstillande. Det er ein føresetnad for å kunne gje tilpassa opplæring. Innanfor det stabile sosiale fellesskapet må det vere rom for fleksible elevgrupperingar, som kan gjere det mogleg å ta omsyn til føresetnadene og interessene den einskilde eleven har. Når ein skal gruppere elevane, må ein og ta omsyn til eigenarten ved lærestoffet, læremiddel og undervisningsutstyr, omfanget av arbeidet og føresetnadene til lærarane. For å skape eit stimulerande læringsmiljø må ein nytte dei ressursane som ligg i ulike typar gruppedanningar. Klassen Klassen vil vere den mest naturlege arbeidseininga i skolen. Han dannar grunnlag for arbeidet til kvar einskild, for ulike elevgrupperingar, samarbeid mellom lærarar og samarbeid med foreldra. For at fellesskapet i klassen skal fungere godt og gje støtte og hjelp til alle, må både lærarar, elevar og foreldre vere aktivt med og gjere ein innsats. Det må leggjast vekt på gode leiingsformer i klassen, og medinnverknad og medansvar i lærings- og arbeidsprosessane. Forventningar og mål med læringsarbeidet må takast opp til felles drøfting. Normer og reglar for samværet i klassen må diskuterast, og konfliktar og spenningsforhold mellom elevane innbyrdes og i forholdet til lærarane må gjennomarbeidast på ein måte som er ansvarleg og
Skann 45 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/45/