SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 42 skann 44

gode kommunikasjons- og samarbeidsformer mellom lærar og elevar og mellom elevane seg imellom. Elevane må gradvis få eit visst medansvar for utforminga av læringsmiljøet og læringsvilkåra. Det er nødvendig for å stimulere utviklinga av sjølvstende og ansvarskjensle. Ansvarslæring er ein nødvendig del av læringsarbeidet. Allsidige læringsformer og uttrykksmåtar Barn tek imot kunnskapar og utviklar dugleik på kvar sine måtar. Læringsarbeidet skal stimulere utviklinga av individuelle læringsformer og uttrykksmåtar, og skape forståing for sjølvstendig tilnærming til dei ulike arbeidsoppgåvene. Skolen må tilby varierte aktivitetar for å kome elevane i møte med omsyn til behova og læreføresetnadene deira. Når ein skal velje arbeidsmåtar og organiseringsformer, må ein ta vare på og nytte læringsressursar som knyter seg til fellesskapet mellom elevar. Elevane må få forståing for kva eit arbeidsfellesskap både kan gje og krevje av kvar einskild. Opplevinga av samhøyr og ansvar i fellesskapet dannar eit viktig grunnlag for utviklinga av sosial dugleik og haldningar. Læringssituasjonane må gje plass for allsidige lærings- og uttrykksformer, slik at elevar med ulike lærevanskar kan finne seg til rette. Barn med lærevanskar kan vere særleg avhengige av direkte, konkrete røynsler for å kunne ta til seg kunnskapar og dugleik. Somme vil og mangle desse røynslene og føresetnadene for å kunne lære sosial dugleik på same måten som andre barn. Arbeidet med desse elevane krev nøye planlegging og oppfølging med tanke på å utvikle dei sterke sidene deira og gje dei eit breiare røynslegrunnlag. Elevar som ikkje kan bruke talespråk, må få høve til å kommunisere på andre måtar, eventuelt med spesielle hjelpemiddel. Medelevane må få høve til å lære seg det som trengst for kommunikasjonen i elevflokken. Skolen skal stimulere aktivitetstrongen til elevane og gjere det mogleg for dei å ta i bruk eigne røynsler i læringsarbeidet. Læraren må freiste å byggje vidare på dette grunnlaget, la elevane få formulere og finne svar på eigne spørsmål, stille problem som kan skape lyst og frigjere krefter til vidare leiting etter kunnskap. Arbeidet i skolen må vere med på å ta vare på det som er verdifullt i åtferds- og uttrykksformer hjå barn og unge, og bruke det dei har å kome med i sosial og kulturell samanheng. Den barnekulturen som til dømes kjem til uttrykk i leikar, songar, rim, regler, teikningar og litteratur må verdsetjast og stimulerast. Den måten barn og unge uttrykkjer seg på, utfordrar dei vaksne til å vere opne for dei meiningane elevane har i læringsarbeidet. Samværeformer og elevgrupperingar Samværeformene og dei sosiale relasjonane i skolesamfunnet er både mål og verkemiddel i det pedagogiske arbeidet. Skolen skal oppdra til sosialt liv gjennom medviten bruk av samværeformer og elevgrupperingar. Organiseringa av elevane spelar dessutan ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode læringssituasjonar for alle. Forholdet til vaksne Gjennom kommunikasjon og samhandling vert elevane påverka av dei vaksne. Denne påverknaden er med på å avgjere korleis elevane opplever seg sjølv og
Skann 44 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 42». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/44/