SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 41 skann 43

KAPITTEL 7 41 LÆRINGSMILJØ OG ARBEIDSMÅTAR Grunnskolen skal tilby elevane eit variert og stimulerande læringsmiljø. Skolebygningar og uteareal dannar ei viktig ramme for dette miljøet. Om elevane skal få gode læringsvilkår, vert og avgjort av dei samværeformene og elevgrupperingane som vert valde. Dei verkar inn på det sosiale samspelet mellom elevane og lærarane, mellom elevane innbyrdes og lærarane innbyrdes. Dei pregar og læringssituasjonen for den einskilde eleven og gjev grunnlag for fellesskapsopplevingar. Kjenneteiknet på eit godt læringsmiljø er mellom anna at det vekslar mellom arbeidsmåtar som gjev grunnlag for aktiv læring. Gode læringsvilkår heng og saman med at det er eit godt utval av læremiddel på dei ulike arbeidsområda. Læremidla må vere slik plasserte og organiserte i læringsmiljøet at det er lett å nytte dei. Elevtilpassa læringsmiljø Eit godt læringsmiljø har eit inkluderande fellesskap, der både vaksne og ungar vert viste omsorg og respekt. Det er eit miljø som stimulerer kvar einskild elev til læring og utvikling, og som gjev grunnlag for positiv identitetsdanning. Læringsmiljøet i skolen skal vere tilpassa ulike behov og føresetnader hjå elevane. Det inneber val av lærestoff, samværeformer og arbeidsmåtar som gjev alle tryggleik, sjølvtillit og utviklingssjansar. Det vil seie at læringssituasjonane må vere prega av omsorg for både fellesskapet og for kvar elev. Ein viser omsorg for elevane mellom anna ved å ta omsyn til røynslebakgrunnen og læreføresetnadene deira. Det elevane gjer i dei ulike timane og dei ulike faga, må setjast inn i ein større samanheng. Ved å leggje vekt på heilskap og samanheng i arbeidet er skolen med på å skape meiningsfylte læringssituasjonar for elevane. Ein må tenkje gjennom og planleggje læringsmiljøet med dette for auga. Samspelet mellom lærarar og elevar er heilt avgjerande for trivselen i læringsmiljøet og for kva utbyte elevane har av undervisninga. Derfor må det utviklast
Skann 43 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 41». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/43/