SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 40 skann 42

40 eigne sjansar, slik at dei betre kan nytte dei. Når undervisninga skal leggjast til rette, vil det vere nødvendig å tilpasse lærestoffet slik at kvar elev og får hjelp til å utvikle sin eigenart. Skolen bør ta utgangspunkt i og byggje vidare på det røynslegrunnlaget elevane har. Det er viktig å ta omsyn til kva barna naturleg interesserer seg for, kva aktuelle behov dei har, og kva spontane aktivitetar dei driv med. Såleis må ein freiste å leggje skolearbeidet mest mogleg nær tanke-, førestellings- og interesseverda til elevane. Lærestoffet må vekkje interesse og gje utfordring, formidle opplevingar og appellere til kjensler og fantasi, og det må gje elevane høve til å utvikle dei kreative evnene sine.
Skann 42 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 40». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/42/