SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 39 skann 41

39 med lokalt lærestoff må gje elevane høve til å bruke det røynslegrunnlaget dei har frå oppvekstmiljøet sitt, som utgangspunkt for vidare læring. Slik kan kunnskapane setjast inn i ein kultursamanheng som gjer dei røyndomsnære og meiningsfylte. Jf. kapittel 2. Praktisk allmennorientering Praktisk allmennorientering høyrer til det livs- og kulturmønsteret som grunnskolen er ein del av. Skolen må leggje vekt på å formidle lærestoff som er allment nyttig og brukeleg, og som kan førebu elevane til å meistre oppgåver og plikter dei møter gjennom livet. Han skal medverke til ei oppvurdering av praktiske kunnskapar og dugleik som er viktige for daglegdagse oppgåver og aktivitetar. Det vil seie kunnskapar og dugleik som gjeld hushaldning, klede, hagearbeid, reparasjonar, tekniske hjelpemiddel, datateknologi o.a. Skolen må gjere det mogleg for elevane å utvikle kunnskapar og dugleik på grunnlag av eigne røynsler og gjennom praktisk arbeid. Læringa vert såleis ein aktiv og skapande prosess, og elevane vil lettare kunne oppdage kva nytteverdi kunnskap kan ha. Fellesskap og framtid Lærestoffet må stimulere evna til å møte nye livsforhold og situasjonar i samfunnet med sunn kritisk sans og ei aktiv og konstruktiv haldning. Skolen må ta opp nye tema og oppgåver som vert aktuelle på grunn av samfunnsutviklinga. Lærestoffet bør peike på positive vilkår i framtida, og oppmode elevane til engasjement og ansvar for utviklinga. Samtidig bør det hjelpe elevane til å sjå sambandslinjer mellom fortid, notid og framtid, og hjelpe dei til å forstå at felles innsats er nødvendig for å møte utfordringane i framtida. Lærestoffet skal fremje jamstelling. Dei normene og rollene elevane møter gjennom lærestoffet, må harmonere med dette idealet. Skolen må motverke tradisjonelle ulikskapar mellom jenter og gutar mellom anna når det gjeld valfag, vidareutdanning og yrkesval. Det lærestoffet jenter og gutar møter, må byggje på røynslegrunnlaget og levekåra til både kvinner og menn. Det er særleg aktuelt å understreke at jenter og gutar har felles ansvar og rettar på ulike livsområde. Lærestoffet skal fremje økologisk forståing. Elevane må verte klare over kor grunnleggjande viktig naturen og miljøet er for menneskeleg liv og trivsel. Skolen må vekkje elevane til ansvar og engasjement for miljø- og naturvern, slik at dei vert innstilte på å gjere sitt til å forvalte naturressursane på ein fornuftig måte. Skolen skal fremje internasjonal forståing og gje undervisning om menneskerettar, fred, forsvar og nedrusting. Elevane må få kunnskapar om kulturar i andre delar av verda. Skolen må leggje vekt på at menneske og nasjonar har eit felles, gjensidig ansvar for fred i verda. Det vil seie at vi og må sjå på kulturarven i eit globalt perspektiv. Allsidig personlegdomsutvikling Det lærestoffet elevane får å arbeide med, skal stimulere utviklinga av evner og interesser og gjere sitt til allsidig personleg vekst og utvikling. Skolen har medansvar for den intellektuelle, etiske, religiøse, estetiske, sosiale, emosjonelle og fysiske utviklinga til elevane. Når lærestoffet skal formast ut konkret, må ein tenkje på føresetnadene til elevane i vid tyding. Det gjeld evner og modnad på alle område av personlegdomslivet. Skolen må hjelpe elevane til å verte klare over sine
Skann 41 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 39». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/41/