SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 38 skann 40

Skolen må og gje elevane informasjon om menneskerettane og kva dei har hatt å seie for å fremje respekten for den uendelege verdien kvart menneske har, og for rettferd og rettstryggleik i samfunnet. Det må kome klart fram kva stilling menneskerettane har både i vårt eige land og i verdssamfunnet. Gjennom lærestoffet skal skolen vere med på å utvikle innsikt i grunnleggjande demokratiske idear og verdiar, og vise korleis dei kjem til uttrykk på ulike område av samfunnslivet. Praksis ved skolen bør pregast av og gjere sitt til å fremje desse ideane og verdiane. Ved at elevane gradvis vert dregne inn i samarbeid om lærestoff og arbeidsmåtar, og får medansvar for læring og trivsel for seg sjølv og andre, kan skolen vere med på å utvikle demokratisk praksis og demokratiske haldningar. Som ledd i ei demokratisk oppseding må skolen fremje elevrespekten for demokratiske ideal og for spelereglane i eit demokratisk samfunn. Lærestoffet må gje elevane allsidig samfunnsorientering og kunnskapar om sosiale og politiske rettar og plikter. Slik kan ein stimulere elevane til aktivt samfunnsengasjement og vere med på å byggje opp den politiske dømmekrafta deira. Det må leggjast vekt på vitskapleg tenkjemåte og metode. Når skolen skal velje lærestoff og arbeidsmåtar, må han ha det for auga at elevane skal venje seg til å byggje på røynsler og pålitelege kunnskapar når dei tenkjer, og når dei tek standpunkt. Dei må lære seg til å ha som arbeidsetiske normer at dei skal vere saklege, opne og kritisk vurderande. Skolen må sørgje for at elevane får lære seg ulike arbeidsmåtar og ta del i ulike problemløysingsprosessar. Elevane bør mellom anna få røynsler i å observere, eksperimentere, stille spørsmål, tolke, forstå og forklare, sjå etter heilskapar og delar, motsetningar og samanhengar. Det er tenkje- og arbeidsvanar som er positive for den vidare utviklinga til elevane, og gjev dei røynsler som kan verte verdifull kunnskap. Arbeidsmåtane må vere tilpassa evnene og utgangspunktet til barna, og dei bør leggje opp til at eigenaktivitet og engasjement vert utnytta i læringsarbeidet. Skolen står for bestemte verdiar og må derfor gje uttrykk for meiningar når lærestoff vert presentert. Samtidig er det viktig å vere sakleg allsidig når ein skal velje og behandle lærestoffet. For alle fag og emne gjeld det at lærarane må freiste å gje ei framstelling som er både engasjert og sakleg. Skolen skal gje plass for ulike syn og oppfatningar, slik at elevane får trening i å sjå ei sak frå fleire sider. Elevane må få høve til å lage seg eigne meiningar på grunnlag av sakleg og allsidig informasjon. Ved val og behandling av lærestoffet må det og gjevast rom for korrektiv og motførestellingar. Det er nødvendig mellom anna med tanke på å utvikle elevane til å kunne vurdere sjølvstendig og kritisk. Utvalet av lærestoffet og arbeidet med det må ta sikte på å gje elevane estetisk opplæring og oppseding. Elevane må få kunnskapar om og røynsler med ulike kunstartar og kunstnarlege uttrykksformer. Både oppleving, innsikt og formell kunnskap er viktig i denne samanhengen. Forståing av dei kunstnarlege uttrykksformene omfattar både intellekt, kjensler og fantasi. Det vil i neste omgang inspirere elevane i deira eige skapande arbeid. Skolen må gje elevane høve til personleg utfalding ved at dei får ta i bruk skapande evner på ein mest mogleg allsidig måte. Den kulturarven skolen skal formidle, må og omfatte dei kulturtradisjonane og det kulturgrunnlaget som er knytt til lokalsamfunn i by og bygd. Skolen skal derfor og gje plass for lokalkulturen og eit lærestoff med lokalt innhald. Arbeid
Skann 40 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 38». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/40/