SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 37 skann 39

37 kvart hovudemne gjev ramme og retning for det vidare valet av lærestoff, og det vert utdjupa gjennom dei oppførte delemna. Sjølv om ikkje alle sider ved måla for skolen kan dekkjast like godt av kvart fag for seg, må faga samla vere med på å realisere det totale målet for skolen. Alle hovudtankar i planen må få gjennomslagskraft. Det allmenndannande synspunktet er eit viktig utgangspunkt for val og behandling av lærestoff. Grunnleggjande kunnskapar og dugleik Skolen må leggje stor vekt på å lære elevane å tale, lese, skrive og rekne og gå inn i dialog og samarbeid med andre. Alt dette representerer grunnleggjande dugleik som er svært viktig for den personlege og sosiale utviklinga til eleven og i forhold til samfunnsbehova. Denne dugleiken er grunnlaget for nesten alt arbeid som vert gjort i skolen. Han er avgjerande for evna til å ta imot kunnskapar og orientere seg i verda, og han er ein føresetnad for vidare utdanning, yrkesaktivt arbeid og deltaking i samfunnslivet elles. Når lærestoffet vert utforma, må skolen ta omsyn til særpreget ved kvart fag, fagleg logikk og struktur og den typen omgrep og problem som er knytte til faget. Somme fag er særleg avhengige av at lærestoffet vert presentert ut frå ein gjennomtenkt og tilrettelagd progresjon. Dei fleste faga inneheld moment som ein kan kalle det allmenngyldige lærestoffet, og dei delane av faget må prioriterast. Slikt stoff er ofte elementærkunnskap som er grunnleggjande for vidare læring, og representerer kunnskapar det er nødvendig å kjenne til i samfunnet i dag. Kunnskapane må så langt råd er, setjast inn i ein meiningsfylt samanheng, slik at dei ikkje får preg av å vere reint minnestoff. Skolen må gje elevane hjelp til å lære seg å lære, dvs. utvikle gode arbeidsvanar slik at dei kan leite etter ny kunnskap og informasjon på eiga hand. Det har samanheng med den stadig aukande kunnskapsmengda, som elevane må få øving i å velje frå og bruke på ein konstruktiv måte. Ikkje minst den teknologiske utviklinga på informasjonsområdet gjer dette nødvendig. Men evna til å lære kan berre utviklast ved at elevane lærer seg å arbeide grundig med eit lærestoff, og gradvis øver opp kritisk haldning til stoffet. Levandegjering av kulturarven For å formidle og føre vidare kulturarven må skolen byggje undervisninga og oppsedinga si på grunnverdiane i kulturtradisjonen vår. Dei omfattar framfor alt kristen tru og moral, menneskerettane, dei demokratiske ideane, vitskapleg tenkjemåte og metode og dei ulike kunstartane. Gjennom lærestoffet må skolen gjere elevane kjende med desse verdiane og vere med på å gje dei praktisk meining. Slik kan skolen fremje kulturmedvitet til elevane, og gje dei kjensla av å ha del i ein kulturarv. Lærestoffet skal gje innsikt i og forståing for viktige element i den kristne og humanistiske kulturtradisjonen vår. Elevane må få innføring i hovudinnhaldet i kristen tru og moral. Gjennom lærestoffet skal ein freiste å vekkje og styrkje sansen for etiske og religiøse verdiar hjå elevane. Lærestoffet må hjelpe elevane til å få allsidig innsikt i moralske og religiøse spørsmål, og utfordre dei til å lage seg eigne meiningar. Alle fag må vere med på å gje ei samlande og heilskapleg oppseding, basert på grunnverdiane i skolen.
Skann 39 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 37». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/39/