SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 36 skann 38

36 Når det vert laga lokale læreplanar, bør det setjast opp årsplanar med fordeling av lærestoffet og med rekkjefølgja av emne på kvart klassesteg. Dermed kjem progresjonen i arbeidet med lærestoffet klarare fram. Ein bør og vurdere samordning av emne i ulike fag med sikte på å lage plan for tverrfagleg undervisning. I faga norsk, matematikk og engelsk er det laga tilleggshefte med rettleiande årsplanar. Sjå elles om lokalt læreplanarbeid i kapittel 8. Det må skiljast mellom lokal læreplan og lokalt lærestoff. Med utgangspunkt i ein lokal læreplan kan det lagast lokalt lærestoff som innslag i arbeidet med ulike fag og emne, der det fell naturleg. Lokalt lærestoff kan anten vere stoff om eller frå lokalsamfunnet, eller lokalt utforma lærestoff som ikkje nødvendigvis har forhold i lokalsamfunnet som tema. Individuell tilpassing Prinsippet om tilpassa opplæring krev at ein når ein legg til rette undervisninga, tilpassar lærestoffet i mønsterplanen og i den lokale læreplanen ut frå evnene og føresetnadene til kvar einskild elev. Det gjeld både mengd, vanskegrad og arbeidsformer. Slik differensiering er ei av hovudoppgåvene for læraren. Læraren må vere nøye med å velje stoff - og å hjelpe elevane i val av stoff - slik at utvalet vert best mogleg og skaper samanheng for kvar elev. Elevane har vekslande arbeidsevne og føresetnader, og det gjer at hovudemna og delemna må behandlast meir eller mindre grundig, og kuttast ned meir eller mindre. Ein kan velje bort eller velje til delemne og i somme tilfelle hovudemne for at kvar elev skal få opplæring i samsvar med eigne evner og føresetnader. For elevar som har særlege opplæringsbehov, kan lærestoffet omfatte emne og treningsaktivitetar som vi elles ikkje finn i undervisninga. Val av lærestoff Lærestoffet må veljast og behandlast på grunnlag av det som er måla for skolen (jf. kapittel 1), og slik at det er med på å realisere måla. Så allsidig og samansett som oppgåva til skolen er, må det vere breidd i kriteria for stoffutvalet. Samtidig vil det ofte vere nær samanheng mellom utvalskriteria. Desse kriteria vert uttrykk for viktige kunnskapar, dugleik og haldningar som skolen generelt skal ta sikte på å utvikle. Desse hovudkriteria ligg til grunn for valet av lærestoff: * Grunnleggjande kunnskapar og dugleik * Levandegjering av kulturarven * Praktisk allmennorientering * Fellesskap og framtid Allsidig personlegdomsutvikling For å utdjupe desse hovudkriteria er det dessutan sett opp fleire underpunkt. Kriteria er generelle og overordna det einskilde faget. Dei ligg til grunn for det valet av lærestoff som er gjort i fagplanane. Det lokale læreplanarbeidet må ta utgangspunkt både i desse kriteria og i dei meir spesifikke rammene som er gjevne i kvar fagplan i form av mål og hovudemne/delemne. Overskrifta og skildringa av
Skann 38 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 36». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/38/