SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 35 skann 37

35 faga. Dei er presenterte i form av ei overskrift og ei tilhøyrande skildring som utdjupar innhaldet og peikar ut retninga for arbeidet. Hovudemna skal vere felles for alle elevar på den måten at alle skal arbeide med dei etter sine evner og føresetnader. Hovudemna er altså ikkje eit lærestoff som alle elevane skal meistre like godt, men dannar eit felles arbeidsgrunnlag. Saman med overskrifta gjev skildringa for kvart hovudemne ei forpliktande ramme og retning for det vidare arbeidet med lærestoffet. Under kvart hovudemne er det ført opp fleire delemne, som gjev ei nærare konkretisering av hovudemnet. Delemna er og i prinsippet felles for alle og normerande for val av lærestoff. Ein avgrensa del av stoffet kan likevel, ut frå faglege og pedagogiske vurderingar, erstattast med anna stoff innanfor hovudemnet. Slike tilval og utskiftingar kan ein gjere dersom ein meiner det fører til at eit hovudemne vert dekt på ein betre måte. Denne typen val kan ein og gjere for å ta opp emne og oppgåver som vert aktualiserte på grunn av fagleg og samfunnsmessig utvikling. Det er val og vurderingar som høyrer med i det lokale læreplanarbeidet. Valtilbod med tanke på einskildelevar kan ein finne meir om under avsnittet om individuell tilpassing. Delemna er nærare konkretiserte i form av stikkord. Stikkorda har eksemplifiserande status, og er ikkje meinte å vere uttømmande i forhold til delemna. Fordelinga av delemne og stikkord på treårsperiodane gjev uttrykk for ein progresjon i arbeidet med hovudemna gjennom grunnskolen. Stikkorda viser progresjonen i delemne som går att over fleire treårsperiodar. Nærare tilvisingar om progresjon er gjevne i omtalen av lærestoff i kvar fagplan. Det skal og leggjast vekt på dei rettleiande årsplanane i tilleggshefta for norsk, matematikk og engelsk. Talet og utforminga av hovudemna og delemna varierer noko frå fagplan til fagplan. Det har mellom anna samanheng med særpreget ved faga og rammevilkåra for arbeidet med faga. Hovudemna er ulike i storleik og stoffomfang. Arbeidet med dei ulike hovudemna vil derfor ikkje kunne vare like lenge. Sjølv om elevane i prinsippet skal arbeide med alle hovudemna og delemna, inneber valfridommen at det kan leggjast større vekt på somme hovudemne og delemne enn på andre. Ei slik tilmåting må mellom anna ta omsyn til den tida faget har til disposisjon, og kor forpliktande emnet er framstelt under kvart hovudemne. Ordninga av lærestoffet i hovudemne og delemne tek sikte på å understreke kor viktig det er med eit felles lærestoff, samtidig som det vert høve til å tilpasse lærestoffet ved kvar einskild skole. Hovudemne og delemne representerer felles forpliktande rammer for lærestoffet. Innanfor desse rammene er det rom for lokal tilpassing ut frå faglege og pedagogiske grunnar. Fagplanane er eit styringsinstrument for arbeidet i skolen, og eit planleggingsgrunnlag for utforminga av arbeidsplanar for undervisninga. Sentralt gjevne rammer og lokale val Dei felles og sentralt gjevne rammene som hovudemna og delemna i fagplanane representerer, skal sikre at fellesstoffet vert presentert med tilnærma same innhaldet over heile landet. Innanfor desse rammene skal lærestoffet konkretiserast og tilpassast lokalt. Som tidlegare nemnt kan lærestoff bytast ut når det er faglege og pedagogiske grunnar til det. På den måten vil planane få si lokale utforming, og den lokale innverknaden på den endelege utforminga av planane vil sikre at også lokalt forankra stoff får plass i undervisninga der det er naturleg.
Skann 37 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 35». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/37/