SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 34 skann 36

KAPITTEL 6 34 LÆRESTOFF Dette kapittelet har to hovuddelar. Den fyrste delen gjer greie for korleis lærestoffet i mønsterplanen er ordna, og korleis det legg opp til eit lokalt læreplanarbeid som byggjer vidare på mønsterplanen. Den andre delen viser dei generelle kriteria som ligg til grunn for val av lærestoff i mønsterplanen, og som ved sida av fagplanane må vere utgangspunktet for lokale val og konkretiseringar av lærestoffet. Kriteria er forma på grunnlag av dei overordna måla for skolen som er formulerte i kapittel 1. Ordninga av lærestoffet Fagplanar Lærestoffet er ordna i fag/fagområde. Skolefaga varierer i særpreg og representerer til saman både teoretiske, praktiske, etiske, estetiske og sosiale element. Den vide fagkrinsen til skolen skal gje elevane kunnskapar og dugleik på ulike livsområde og fremje ei allsidig personlegdomsutvikling. Treårsperiodar og rettleiande årsplanar I fagplanane er lærestoffet ført opp for treårsperiodar, dvs. for 1.-3. klasse, 4. 6. klasse og 7.-9. klasse. Stoffet er ordna i treårsperiodar for at læreplanen skal verte oversiktleg og gje høve til individuell og lokal tilpassing og til samordning mellom faga. Det er lagt vekt på å gje ein rimeleg progresjon i stoffhandsaminga på kvart årssteg innanfor treårsperioden. Til vidare hjelp er det laga tilleggshefte med rettleiande årsplanar i faga norsk, matematikk og engelsk. Hovudemne og delemne Fagplanane er utforma som rammeplanar. Dei gjev derfor inga detaljert oversikt over lærestoffet i kvart fag. Lærestoffet er delt inn i hovudemne, delemne og stikkord. Hovudemna representerer breie og sentrale arbeidsområde innanfor
Skann 36 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 34». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/36/