SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 33 skann 35

33 2. Mønsterplan. Nynorsk skolealderen, og undervisninga i munnleg og skriftleg morsmål må ha ein sentral plass på dei lågaste klassestega. Omfanget av morsmålsopplæringa på dei høgare klassestega bør ein vurdere ut frå kva behov og føresetnader elevane har. Skolen må ta særlege omsyn til elevar som er komne til landet mens dei er i skolealderen. For slike elevar må det vere mogleg å nytte morsmålet som undervisningsspråk når det er naudsynt for at dei skal kunne setje seg inn i lærestoffet. Barneanalfabetane må få den fyrste lese- og skriveopplæringa si på morsmålet. Så snart elevane får utbyte av det, må dei få vere med i den vanlege norskopplæringa. For elevar som kjem til landet mens dei er i skolealderen, eller som av andre grunnar treng det, må norsk som andrespråk høyre med til dei obligatoriske faga. Å lære eit nytt språk er både vanskeleg og tidkrevjande. Elevane må derfor få grundig opplæring i norsk som andrespråk så lenge dei har bruk for det. Pedagogisk og praktisk er det ein fordel at elevane vert underviste på det språket som dei meistrar best. Elevane bør derfor, så langt det let seg gjennomføre, få setje seg inn i lærestoffet for skolen gjennom morsmålet til dei kan få utbyte av undervisninga på norsk. Når nasjonalspråket til elevane, dvs. det offisielle språket i heimlandet, og talespråket i heimen, morsmålet, er ulike, bør undervisninga så langt det er mogleg vere på talespråket av omsyn til språk- og personlegdomsutviklinga til elevane. Undervisninga bør organiserast på den måten som best gjev barna ei allsidig utvikling. Dei ulike føresetnadene til elevane gjer at behovet for morsmålsopplæring og norskopplæring kan variere. Innanfor ramma av gjeldande retningslinjer må skolen vurdere kva vekt språkopplæringa skal ha på dei ulike klassestega. Ulike lokale forhold vil vere med på å avgjere korleis denne undervisninga skal organiserast, mellom anna talet på elevar i dei språklege minoritetsgruppene i kommunen og sjansane for å skaffe morsmålslærarar. Derfor må det vere mogleg å organisere undervisninga på ulike måtar. Ved organiseringa av opplæringa må dei norskspråklege elevane få høve til å gje hjelp til medelevar med annan språkbakgrunn gjennom systematisk samtaletrening.
Skann 35 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/35/