SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 32 skann 34

Verdien av morsmålet Språket spelar ei sentral rolle i utviklinga til barnet. Eit godt utvikla morsmål, det vi og kallar tale- og tenkjespråket, heimespråket eller fyrstespråket, er svært viktig for personlegdomsutviklinga. Sikre kunnskapar i det språket barnet bruker i det daglege miljøet sitt, vil vere med på å fremje utviklinga på det intellektuelle, sosiale og kjenslemessige området. På den måten får barnet og høve til å leve seg inn i og utvikle samkjensla med den kulturelle bakgrunnen til foreldra. Eit godt utvikla morsmål lettar den fyrste leseopplæringa og læringa av andre språk. Eit morsmål som er funksjonelt for læring og problemløysing, vil lette utviklinga av tilsvarande dugleik på andre språk. Derfor er det viktig at grunnskolen gjev barna høve til å ta vare på og utvikle morsmålet sitt. Rettane og pliktene til språklege minoritetar Språklege minoritetar skal ha dei same vilkåra, rettane og pliktene som medelevane med norsk som morsmål. Alle elevar skal verte budde til å leve i det norske samfunnet. Derfor er det viktig at elevar som tilhøyrer ein språkleg minoritet, får grundig opplæring i norsk, i tillegg til anna opplæring som kan gjere dei til aktive medlemmer av det norske samfunnet. Også desse elevane har rett til å få opplæring som er tilpassa evnene og føresetnadene deira. Mål for opplæringa Den breie allmenndannande og kulturelle målsetjinga som gjeld for grunnskolen generelt, må og danne grunnlag for undervisninga av elevar som tilhøyrer språklege minoritetar. Gjennom skolegangen i Noreg skal innvandrarelevane få del i norsk kultur. Men samstundes skal dei få sjanse til å kunne halde på og styrkje det opphavlege kulturtilhøyret sitt. Ein føresetnad for at elevane kan kjenne seg heime i to kulturar, er at dei vert tospråklege. Skolen må ha som siktemål at elevane får utvikle funksjonell tospråklegheit. Det krev at elevane lærer språk på ein måte som gjer det mogleg å bruke språka naturleg og situasjonsavhengig. Elevar med ulik bakgrunn har ulike føresetnader for å verte funksjonelt tospråklege gjennom den undervisninga skolen gjev. Somme kan verte tospråklege mens dei er i skolealderen, mens andre gjennom undervisninga i skolen får eit grunnlag for å verte tospråklege seinare i livet. Konsekvensar for undervisningstilbodet Det er språksituasjonen til kvart barn som må vere utgangspunktet for den byrjaropplæringa elevane får. Det er viktig at barna tidleg i skoletida får sjanse til å utvikle morsmålet til det dugleiksnivået som er nødvendig for at dei skal kunne skaffe seg kunnskap og løyse problem. Treninga i morsmålet bør ta til alt før
Skann 34 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/34/