SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 31 skann 33

KAPITTEL 5 31 SPRÅKLEGE MINORITETAR Ei samansett elevgruppe Mange elevar i grunnskolen tilhøyrer språklege minoritetar. Dei representerer eit etnisk, religiøst og kulturelt mangfald. Det kan og vere store språklege og kulturelle ulikskapar innanfor somme av desse språkgruppene. Elevane kan vere fødde i Noreg av innvandra foreldre, eller dei kan ha kome hit i tidleg småbarnsalder, rett før, eller etter nådd skolealder. Alle desse barna har den same retten til opplæring som andre barn i Noreg. Ein språkleg minoritet med lange tradisjonar her i landet er kvenane. Innvandringa frå Finland til dei nordlegaste fylka våre starta på 1600-talet. Med bakgrunn i finsk kultur og språk utvikla desse innvandrarane sin eigen kultur og sitt eige språk, kvensk. I tillegg til å vere eit minoritetsspråk er kvensk/ finsk også eit grannelandsspråk. Sambanda på Nordkalotten er gamle, og har fram til i dag vorte tekne vare på av to- og trespråklege personar. Sigøynarane er ein annan språkleg minoritet med lange tradisjonar i Noreg. Heilt til for nokre få år sidan vart språket deira, romani, berre brukt munnleg her i landet. Det har vore arbeidt med å finne fram til ein måte å skrive romani på som skulle være felles for alle sigøynarar. I 1979 kom den fyrste abc-boka på romani i bruk i Noreg. Elevar frå språklege minoritetsgrupper kjem til skolen med svært ulike føresetnader. Blant dei barna som er fødde i Noreg, eller har innvandra i tidleg småbarnsalder, vil det vere ein del som kjem til skolen med gode kunnskapar både i sitt eige morsmål og i norsk. Andre kan meistre morsmålet godt, men har avgrensa kunnskapar i norsk. Somme kjem til skolen med avgrensa omgreps- og ordtilfang både i morsmålet og i norsk. Blant dei barna som har innvandra rett før, eller etter oppnådd skolealder, vil kunnskapane i morsmålet og variere, mellom anna avhengig av den skolegangen dei har fått tidlegare. Dette er elevar med fåe eller ingen kunnskapar i norsk. Somme av dei er barneanalfabetar, dvs. barn over ti år som på grunn av mangelfull opplæring korkje kan lese eller skrive.
Skann 33 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/33/