SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 28 skann 30

28 SAMISKE ELEVAR Stillinga for samane i det norske samfunnet Samane står i ei anna stilling enn andre etniske minoritetar i Noreg. Heimlandet til dei norske samane er Noreg. Samisk kultur er ein del av den felles kulturen rundt oss. Samane som folk bur i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og på Kolahalvøya. Samisk samkjensle strekkjer seg på tvers av riksgrensene. I Noreg kan det samiske folket delast inn i tre språklege hovudgrupper: sørsamisk frå Elgå i Hedmark og nordover til Saltfjellet, lulesamisk i Nord-Salten og Ofoten, og nordsamisk frå Ofoten og nordover. Nordsamane utgjer den største delen av samane i Noreg. Samisk språk og kultur er forskjellig i desse områda. Det er så store ulikskapar mellom desse språka at nordsamar og sørsamar kan ikkje kommunisere med kvarandre på morsmåla sine. Bruken av samisk språk og kontakten mellom samisk og norsk kultur varierer i dei ulike delane av dei samiske områda. I somme samiske område er samisk språk nesten borte, mens det i andre område er daglegspråket for størstedelen av befolkninga. I indre Finnmark har tospråklegheit eller norsk som fyrstespråk vorte meir vanleg. Kulturelt press gjennom fleire hundre år har ført til gradvis assimilasjon og tap av samisk særpreg. Nedvurdering av samisk språk og veremåte har og somme stader ført til sosial isolasjon i forhold til det norske samfunnet. Den generelle utviklinga i Noreg i dette hundreåret har hatt sterk innverknad på dei samiske samfunna. Endringar innanfor yrkes- og næringsliv har ført til at mange har forlate dei typisk samiske yrka, som tradisjonell reindrift, jordbruk og fiske kombinert med utmarksnæringar, til fordel for yrke som industri og tenesteytande næringar. Samtidig er dei tradisjonelle samiske yrka i stadig utvikling. Assimilasjonsprosessen er og påverka av betre kommunikasjonar, av flytting til tettstader og av den auka innverknaden massemedia har fått. Alt dette har gjort at forholdet til det norske samfunnet er tettare i dag enn nokon gong. Samtidig vert det arbeidt medvite for å ta vare på samisk kultur.
Skann 30 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/30/