SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 27 skann 29

27 skape kontakt mellom barn, heim og skole. Dei står sentralt når det gjeld å formidle råd og rettleiing frå andre. Det er eit mål å skape nære og stabile kontaktforhold mellom elevane og dei vaksne i skolen. Derfor må skolen leggje vinn på å styrkje klasselærarfunksjonen og samle undervisninga i kvar klasse på færrast mogleg lærarar. Den sosialpedagogiske sida ved dette utviklingsarbeidet må vere ei prioritert oppgåve for skoleleiinga, som har ei viktig rolle i utviklinga av skolemiljøet. For den sosialpedagogiske tenesta må det vere ei prioritert oppgåve å støtte arbeid som tek sikte på å utvikle det sosiale miljøet i skolen, og sosialt fremjande arbeids- og samarbeidsformer. Vidare har lærarar med sosialpedagogisk teneste som særleg arbeidsfelt ei viktig oppgåve med å koordinere hjelpetiltak for einskildelevar eller grupper av elevar, og formidle kontakt med instansar utanfor skolen. Den sosialpedagogiske tenesta ved kvar skole har eit særleg ansvar for å utvikle godt samarbeid med den pedagogisk-psykologiske tenesta. Sidan ho kjenner elevane i kvar einskild skole, vil den sosialpedagogiske tenesta og kunne gje verdifull hjelp i kontakt med ungdom som har særlege vanskar i tida etter avslutta grunnskole. Nettopp i samband med dei sosialpedagogiske oppgåvene er det grunn til å understreke at skolen pliktar å samarbeide med andre instansar i lokalsamfunnet, t.d. barnevernet, helsetenesta og kulturetaten. Tenestene i skolen må ikkje verke slik at skolen vert isolert i forhold til andre samfunnsinstansar. Tenestene må vere eit praktisk og synleg bevis på at skolen tek medansvar for oppvekstmiljøet til barn og unge i eit naturleg samarbeid.
Skann 29 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 27». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/29/