SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 29 skann 31

Rettar og plikter Skoletilbodet for samiske barn byggjer på det grunnleggjande prinsippet at skolen skal vere ein integrert del av samfunnet. Den etniske identiteten til samane, knytt til sosiale og kulturelle forhold, er ein viktig føresetnad for læring. Ved å ta utgangspunkt i den samiske kulturen vil skolen på den eine sida styrkje identitetskjensla og sjølvtilliten hjå elevane, og på den andre sida vere med på å ta vare på og vidareutvikle den samiske kulturarven. Undervisninga må vere tilpassa dei spesielle språklege og kulturelle føresetnadene dei samiske barna har når dei møter skolen, same kvar i landet dei bur. Dei har rett til eit likeverdig skoletilbod i samsvar med bakgrunnen sin. Opplæringa skal vere i samsvar med evnene og føresetnadene til kvar einskild elev. Skolen i det samiske samfunnet Planlegging av opplæringa i dei samiske samfunna krev grundige kunnskapar om samisk språk, kultur, verdiar og normer. Det omfattar kjennskap til samisk historie og til strukturen i det samiske samfunnet, og forståing for aktuelle og framtidige behov dette samfunnet har. Alt personale ved skolar der det er undervisningstilbod i samisk, har eit naturleg ansvar for at det vert synt lojalitet og respekt overfor samisk språk og kultur. Lærarar må kunne samisk språk og vere fortrulege med samisk veremåte. Mønsterplanen legg opp til at det skal vere eit lokalt læreplanarbeid. Ein del stoff skal vere felles for heile landet, men ein skal og kunne velje til lokalt stoff. Det vil gjere det mogleg å leggje stor vekt på samisk kultur i område der det er naturleg. I somme fag er det naudsynt med eigne fagplanar for samiske elevar. Lærebøker og læremiddel generelt skal innehalde lærestoff om samiske forhold som sikrar at alle elevar får den nødvendige innføringa i samisk kultur og samiske samfunnsspørsmål. Til det trengst eit godt og variert tilfang av lærebøker på samisk. Reell jamstelling mellom skoletilbodet for norske og samiske elevar inneber at samisk og norsk språk har lik status, og at elevar som vel samisk som fyrstespråk, får likeverdig kompetanse samanlikna med dei elevane som har norsk som fyrstespråk. Barn i samiske distrikt har rett til å få opplæring i eller på samisk på barnesteget. Departementet kan gjere unntak. Frå og med sjuande klassesteget avgjer elevane sjølv om dei vil ha samisk som fag. Dei kan og velje samisk som hovudmål. I begge tilfelle vert dei fritekne for opplæring i ei av dei norske målformene i 8. og 9. klasse. Opplæring i samisk kan også gjevast til elevar med same bakgrunn utanom samiske distrikt når forholda ligg til rette for det. Mål for opplæringa Målet for opplæringa av samiske elevar må vere at dei fullt ut skal meistre samisk språk og kjenne samisk kultur. Målet er og at dei skal utvikle ei funksjonell tospråklegheit som gjer det mogleg for dei å føle seg heime i to kulturar. Skolen
Skann 31 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/31/