SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 289 skann 291

289 Religiøse ytringsformer i kristendommen: Gudsteneste, liturgi, sakrament og anna i nokre kyrkjesamfunn. Karismatiske rørsler. Jødedommen: Menneskesyn og verdsbilete. Religiøse ytringsformer. Buddhismen: Menneskesyn og verdsbilete. Religiøse ytringsformer. Hinduismen: Menneskesyn og verdsbilete. Religiøse ytringsformer. Islam: Menneskesyn og verdsbilete. Religiøse ytringsformer. Religionar i Afrika og Sør-Amerika. Nye religionar og religiøse retningar. SEKULÆRE LIVSSYN Arbeidet med dette hovudemnet skal gje elevane kunnskap om sekulære livssyn som byggjer på ulike åndshistoriske og filosofiske tradisjonar og retningar. Hovudvekta skal leggjast på humanisme, marxisme og eksistensialisme. Emnet viser den historiske utviklinga og behandlar sentrale omgrep i dei ulike retningane. Men undervisninga må og få fram korleis desse livssyna kastar lys over grunnleggjande spørsmål for einskildmennesket, for forholdet mellom menneske og for samfunnet. Slike spørsmål må så langt det er råd, knytast til aktuelle og daglegdagse situasjonar. 4.-6. klasse Humanisme med humanetikk: Bakgrunn og utvikling. Sokrates, Platon og Aristoteles. Renessansen. Menneskeleg likeverd, til dømes synt i den amerikanske fridomsfråsegna (1776), i den franske menneskerettsfråsegna (1789) og i den norske grunnlova. Verdsfråsegna om menneskerettane (1948). Human-Etisk Forbund i Noreg: Bakgrunn og utvikling. Formål og verksemd. Marxisme: Det kommunistiske manifestet. Lenin og den russiske revolusjonen. Marxisme og kommunisme i dag. 7.-9. klasse Grunnlaget for sekulære livssyn: Grunngjevinga for etikken. Samanheng mellom fortid, notid og framtid. Røynsle og konsekvens. Agnostisisme, ateisme. Humanisme med humanetikk: Opphavet til mennesket - utviklingsteoriar. Menneskeleg natur og eigenart. Formål og mål med livet. Samfunnet og kvar einskild. Funksjonen og oppgåva til samfunnet. Forholdet til religion. Marxisme: Marx og Engels, sentrale skrifter. Historiesyn - slavesamfunn, føydalsamfunn, det borgarlege samfunnet, sosialisme, kommunisme. Drivkrefter i historia - produktivkrefter og produksjonsforhold. Menneskesyn, formål og mål med livet. Verdien av arbeid. Statsmakt, staten og kvar einskild. Forholdet til religion. Eksistensialisme: Eksistensielle livssituasjonar og spørsmål. Mennesket sin plass i tilværet. Samfunnet og kravet til at kvar einskild er seg sjølv (er ekte, autentisk). Angst. Forholdet til religion. Representantar for den eksistensialistiske tradisjonen i filosofi og litteratur. LIVSSYN OG ETIKK - GENERELLE SPØRSMÅL Innanfor dette hovudemnet tek ein opp aktuelle spørsmål som elevane er opptekne av, og som har tilknyting til alder, livssituasjon og interesser. Aktuelle samfunnsspørsmål - nasjonale og internasjonale - er ofte eit naturleg utgangspunkt
Skann 291 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 289». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/291/