SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 288 skann 290

288 Fellesskapsetikk: Vidareføring og utdjuping av tema frå 4.-6. klasse. I tillegg: demokratisk ansvar, rettar, plikter, innverknad. Krig, forsvar, fredsarbeid. Etisk vurdering av vitskap og ny teknologi. Etiske spørsmål som er knytte til kunst og kultur. Massemedium. Globaletikk: Våpenkappløp, fred og nedrusting. Forholdet mellom rike og fattige land. Økonomisk verdsordning. U-hjelp. Migrasjon. Forfølging og overgrep. Likeverd. Raseproblem. Normativ og deskriptiv etikk: Kva er rett/gale? Er det «alle» gjer, rett? Etikkens forankring. Den etiske prosessen - tolke, velje, handle. Moralbod og etiske modellar. Samvit og fri vilje: Sosialisering. Samvit og miljø. Fri vilje? «Objektivt» samvit? Samvit og skuldkjensle. Etikk, religion og livssyn: Etikk i monoteistiske religionar. Etikk bygd på sekulære livssyn. RELIGIONAR OG RELIGIØSE LIVSSYN Undervisninga skal gje kunnskap om ulike religionar med vekt på framvekst, utbreiing og trusinnhald. Kristendommen har ein sentral plass i dette emnet. Elevane må få forståing og respekt for at menneske over heile verda tek del i religiøse ritar, underkastar seg religiøse plikter og har verdsbilete som er forankra i eit religiøst livssyn. Det må kome klart fram korleis religionane gjev meining til livet for den som trur. Dei ulike religionane må behandlast med respekt og toleranse, og kvar religion må verte gjennomgått ut frå si sjølvforståing. 1.-3. klasse Religiøse verdiar og ytringsformer: Enkle tekstar med religiøs og etisk bodskap frå ulike religionar. Kristendommen: Enkle bibeltekstar om Jesu fødsel, Jesu liv og Jesu haldningar til medmenneske. Jødedommen: Gud som skapar. Guds utvalde folk. Enkle bibelforteljingar om israelsfolket. Høgtider: Kulturell og religiøs bakgrunn for feiring av jul, påske og pinse. 4.-6. klasse Religiøse verdiar og ytringsformer: Fellesdrag ved religionar. Religiøse ytringsformer. Kristendommen: Opphav, utvikling og utbreiing. Bibelen. Sentrale felleskristne læresetningar. Sentrale delar av Jesu liv og forkynning. Religiøst liv i dag. Den norske kyrkja. Den romersk-katolske kyrkja. Andre kristne trussamfunn. Jødedommen: Opphav, utvikling og utbreiing. Sentrale læresetningar og skrifter. Buddhismen: Opphav, utvikling og utbreiing. Sentrale læresetningar og skrifter. Hinduismen: Opphav, utvikling og utbreiing. Sentrale læresetningar og skrifter. Islam: Opphav, utvikling og utbreiing. Sentrale læresetningar og skrifter. 7.-9. klasse Grunnlaget for religiøse livssyn: Opphav til religiøsitet. Religiøse verdiar og ytringsformer. Samanlikning av ytringsformer. Religion og samfunn. Kristendommen: Menneskesyn og verdsbilete.
Skann 290 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 288». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/290/