SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 290 skann 292

290 for undervisninga. Omgrepet toleranse står sentralt på alle steg og må sjåast i lys av konkrete døme. Elevane får innsikt i dei fire livsritane (fødsel og namngjeving, overgang barnvaksen, ekteskapsinngåing, død og gravferd), slik dei kjem til uttrykk i vår kultur og i nokre andre kulturar. Forholdet mellom ulike religiøse og sekulære livssyn må klargjerast. Spørsmål som er knytte til tru og vitskap, må og behandlast. Verdien av eit personleg livssyn må kome klart fram, og undervisninga må syne korleis eit livssyn har samanheng med medvitsgjering og val av verdiar. 1.-3. klasse Aktuelle spørsmål ut frå alder, livssituasjon og interesser: Eigne tankar og kjensler. Glede, sinne, tryggleik, angst osv. Mobbing. Om å glede andre. Korleis alt har vorte til. Toleranse: Godta andre slik dei er - utsjånad, klede, eigenskapar, dugleik, lynne osv. Livsritar: Fødsel, namngjeving. 4.-6. klasse Aktuelle spørsmål ut frå alder, livssituasjon og interesser: Framtidstankar. Tankar om makter utanom mennesket. Rettferd, urettferd. Ansvar. Einsemd, fellesskap. Jamstelling osv. Toleranse: Godta usemje. Skilje mellom sak og person. Samarbeid. Verdsfråsegna om menneskerettane. Livsritar: Overgang barn-vaksen. Konfirmasjon, kyrkjeleg og borgarleg. Død, gravferd. Ritar og skikkar i ulike kulturar. 7.-9. klasse Aktuelle spørsmål ut frå alder, livssituasjon og interesser: Meining med livet. Tankar med døden og liv etter døden. Frykt for krig. Samarbeid, konfliktar, konfliktløysing. Samliv. Jamstelling. Toleranse: Respekt for ulike livssyn. Våge å stå for eigne meiningar. Pluralisme, åndsfridom. Forholdet mellom ulike religiøse og sekulære livssyn: Omgrepa livssyn og religion. Likskapar og skilnader mellom religiøse og sekulære livssyn. Forholdet mellom livssyn/religion og naturvitskap. Trus- og ytringsfridom. Verdigrunnlaget i menneskerettsfråsegna. Personleg livssyn: Oppvekstmiljøet, sosialisering. Medvitsgjering og val av verdiar, normer, tru og livssyn. Verdien av eit personleg livssyn. Forholdet mellom tru og vitskap. Livsritar: Dei fire livsritane, verdien for kvar einskild og for samfunnet. Ekteskap og andre samlivsformer. Borgarlege og kyrkjelege ritual. Livsritane, fellesdrag og særpreg i nokre kulturar.
Skann 292 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 290». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/292/