SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 287 skann 289

287 trussamfunn som kan gjere greie for kva dei står for. Det bør skje i dialog med lærar og elevar. Dei sjansane som finst til studiebesøk av ulike slag, bør nyttast, til dømes til ulike sosiale institusjonar, til kyrkjer og gudshus som representerer ulike religionar og trusretningar. Hovudemne og delemne ETIKK Etikkundervisninga skal gje elevane kunnskap om verdiar og normer som gjeld generelt i vårt samfunn. Rammene for dette verdigrunnlaget finst i verdsfråsegna om menneskerettane, i lovverket vårt, i sed og skikk og i kulturen vår. Allmenne oppfatningar av rett og gale, godt og vondt, til dømes prinsippa om gjensidig etisk ansvar og nestekjærleik, er viktige i denne samanhengen. Det er verdiar som og står sentralt i verdigrunnlaget til skolen. Elevane må lære å vurdere etiske valsituasjonar med vekt på formål med og konsekvensar av handlingar. Her må ein dra inn menneskelege røynsler for å kaste lys over etiske prinsipp. Undervisninga på lågare klassesteg bør konsentrere seg om etiske situasjonar og problem som elevane møter i dagleglivet i nærmiljøet. Fyrst på høgare klassesteg bør ein drøfte nærare meir teoretiske problemstillingar. Når etiske spørsmål vert presenterte i samband med dei ulike religionane og livssyna, skal etikken leggjast fram i den samanhengen han då står i. 1.-3. klasse Verdigrunnlaget i samfunnet vårt: Enkle etiske reglar med vekt på nestekjærleik og gjensidig ansvar. Grunngjeving for levereglar. Motiv for og konsekvensar av handlingar. Etiske emne knytte til heim, skole og nærmiljø: Godta andre, vise omsyn. Oppgåver, ansvar, jamstelling. Samarbeid og konfliktløysing. 4.-6. klasse Verdigrunnlaget i samfunnet vårt: Felles menneskelege verdiar. Grunnleggjande behov. Forståing av godt/vondt og rett/gale ut frå vår kultur og tradisjon. Individualetikk: Ærlegdom og sanning. Fridom til å handle. Ansvar for handlingar. Samvit. Fellesskapsetikk: Menneskeverdet. Ansvar og respekt for andre. Familieetikk. Samlivsetikk. Jamstelling. Vennskap. Arbeid - verdi, rettar og plikter. Einskildmennesket og samfunnet. Solidaritet. Minoritetar. Natur- og miljøvern. Globaletikk: Folk i andre land, ulike levekår. Hjelp og støtte. Humanitære hjelpeorganisasjonar. 7.-9. klasse Verdigrunnlaget i samfunnet vårt: Vidareføring og utdjuping av tema frå 4.-6. klasse. Individualetikk: Handlingar og verdival, ansvar og konsekvensar. Egoisme. Omtanke og ansvar for andre. Ideal. Bruk av evner og krefter. Helse. Alkohol, narkotika og tobakk. Bruk av fritid.
Skann 289 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 287». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/289/