SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 26 skann 28

26 Eit godt undervisningstilbod for barn og unge med særlege opplæringsbehov krev ei heilskapleg vurdering av situasjonen til elevane. Kvar skole har ansvar for at både fysiske og organisatoriske og sosiale sider ved tiltaka vert sedde i samanheng. Tiltaka må gje grunnlag for samhandling og fellesskapsopplevingar. Det krev fleksibilitet i undervisningssituasjonen og spesiell innsikt og røynsle hjå lærarane og skoleadministrasjonen. Så langt det er pedagogisk forsvarleg, må elevar med vanskar få undervisning innanfor ramma av klassen. Innanfor klassefellesskapet kan elevane grupperast på ulike måtar etter behov, slik at dei kan arbeide både i større og mindre grupper, og individuelt. I dei tilfella der elevar treng særleg tilrettelagd hjelp, er det nødvendig med eit nært, forpliktande samarbeid mellom dei lærarane som har ansvaret for opplegget. Eit slikt samarbeid er ein føresetnad for å kunne gjennomføre opplæring som er samordna og i samsvar med behova til kvar einskild elev. Når den lokale skolen ikkje kan ta seg av behova til einskildelevar, kan det vere aktuelt med opplæring i eigen skole med spesialundervisning eller i skole ved ein sosial eller medisinsk institusjon for ein kortare eller lengre periode, dersom foreldra ønskjer det eller er samde i det. Slike skolar vil såleis kunne fungere som eit supplement til dei andre grunnskolane. Overføringa til eit anna tilbod må planleggjast og verte førebudd på ein måte som kan sikre elevane eit kvalitativt betre totaltilbod. Slike førebuingar skal gjerast i samarbeid med foreldra. Det er viktig at den lokale skolen held seg orientert om det arbeidet som vert gjort i spesialinstitusjonen. Det er ein føresetnad at spesialinstitusjonane og er med på å utvikle lokale spesialpedagogiske tiltak innanfor område der dei andre grunnskolane ikkje har nok kompetanse. Mellom anna må tilbakeføring av elevar frå ein spesialinstitusjon planleggjast i samarbeid mellom spesialinstitusjonen, den lokale skolen og hjelpeapparatet der. Den lokale skolen bør og kunne be om rettleiing og hjelp frå spesialinstitusjonen - til dømes om korleis ein skal forme ut læringsmål og bruke materiell og metodar når ein skal gjennomføre lokale spesialpedagogiske tiltak. Sosialpedagogisk arbeid Undervisning, oppseding og omsorg er sider av same oppgåva for skolen, der målet er å hjelpe elevane til ei allsidig personlegdomsutvikling. Sosialpedagogisk arbeid er eit felles ansvar for alle i skolesamfunnet. Omsorg for elevane inneber mellom anna å få dei til å kjenne seg trygge i forhold til medelevar og lærarar, og i møtet med lærestoff og arbeidsoppgåver. Det går ut på å gje råd og rettleiing til kvar einskild, og støtte og hjelp i det daglege arbeidet. Siktemålet er at barn og unge får styrkt tilliten til eigne evner og til å kunne meistre oppgåver åleine og i samarbeid med andre. Det er og viktig å lære elevane å ta ansvar for seg sjølv og andre. Sosialpedagogisk arbeid er ei oppgåve for alle lærarar, klassestyrarar, lærarar med dette som særskilt arbeidsfelt og skoleleiarar. Problem som oppstår, må løysast av dei det vedkjem, i samarbeid og under felles ansvar. Det gjeld også når andre fagfolk enn lærarane vert dregne inn i arbeidet. Lærarane er primærkontakt for elevane i det daglege arbeidet. Derfor står dei sentralt når det gjeld fagleg og personleg støtte og rettleiing. Ut frå kjennskapen sin til alle elevane i ein klasse har klassestyrarane spesielt viktige oppgåver i å
Skann 28 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/28/