SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 286 skann 288

286 I vår kulturelle samanheng er det naturleg å gje kristendommen forholdsvis stor plass. Når kristendommen vert omtala, er det viktig å finne ein rimeleg balanse mellom det som er representativt for kristendommen i vårt eige land og i verda som heilskap. Undervisninga i livssynskunnskap skal orientere elevane om religiøse og etiske spørsmål som har mykje å seie for forholdet mellom einskildmenneske, folk og nasjonar i verda i dag. Gjennom undervisninga skal ein og prøve å formidle dei kjensleprega, etiske og allmennmenneskelege verdiane som ligg i stoffet. Undervisninga skal vere prega av vilje til å forstå og respektere menneske med ulike meiningar og praksis i religiøse og etiske spørsmål. Læraren må vere varsam slik at den måten stoffet vert behandla på, ikkje verkar krenkjande på nokon. Det vil ikkje seie at ein bør unngå kontroversielle emne. Eitt av måla for faget er å lære elevane å syne toleranse for kvarandre. Undervisninga skal ikkje ta standpunkt til innhaldet i dei ulike livssyna. Det gjeld både religiøse og sekulære livssyn. Men det bør kome fram at konsekvensane for haldningar og livsførsel kan verte forskjellige alt etter kva livssynsalternativ eit menneske vel. Lærestoff og progresjon Lærestoffet er delt inn i fire store hovudemne. Delemna og stikkorda konkretiserer stoffet i hovudemneteksten, og viser progresjonen gjennom treårsperiodane. Ved planlegginga må ein avgjere rekkjefølgja i arbeidet med emna innanfor treårsperiodane. Hovudemna kan få ulik vekt og omfang på ulike klassesteg. I kvar treårsperiode er det mogleg å arbeide med emna i den rekkjefølgja dei har i planen. Arbeidsmåtar Undervisninga må leggje vekt på engasjementet og arbeidet til elevane slik at dei sjølv får sleppe til med røynsler, oppfatningar og meiningar. Læraren bør vere lydhøyr for spørsmål og problemstillingar elevane er opptekne av, og så langt råd er, ta det opp i undervisninga. Samtale og diskusjon bør ha brei plass, særleg når det gjeld etiske spørsmål. Gjennom desse samtalane kan elevane få trening i å vurdere seg sjølv og forholdet sitt til medmenneske, og evne til å lytte til kva synspunkt andre har. Ofte kan det vere formålstenleg å ta utgangspunkt i forteljingar, samtalar og i elevane sine eigne opplevingar, og bruke det som tema for dramatisering. Ved sida av dramatisering er det naturleg at forteljarforma får brei plass, særleg på dei lågaste klassestega. Etter kvart som elevane nærmar seg ungdomsskolealderen, er det naturleg også å gå laus på lærestoffet frå ein meir teoretisk vinkel, og i større grad nytte litterært stoff som tek opp dei problema elevane arbeider med. I leseverka for skolen og i barne- og ungdomslitteratur finst det dikt og prosa som inneheld etiske og religiøse problemstillingar som ofte aktualiserer spørsmål frå dagleglivet. Undervisninga kan ofte byggje på bøker som behandlar ulike religionar og livssyn, og på utdrag av sentrale skrifter. Det vil ofte vere utbyterikt å møte representantar for ulike livssyn, religionar og
Skann 288 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 286». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/288/