SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 284 skann 286

284 Innhald - Undervisninga skal ta sikte på å gje elevane allsidig orientering om og kjennskap til den trua og etikken som det aktuelle trus- eller livssynssamfunnet byggjer på. - Undervisninga skal ta sikte på å gje elevane forståing og respekt for sentrale etiske verdiar som gjeld for skolen og samfunnet vårt. - Det skal gjevast ei innføring i sentrale sider ved kristendommen og andre utvalde religionar og livssyn. - Undervisninga skal ta sikte på å gje elevane forståing og respekt for menneske med andre oppfatningar i trus- og livssynsspørsmål. Oppbygging Planane skal følgje det mønsteret som gjeld for dei andre fagplanane i mønsterplanen. Det vil fyrst og fremst seie at måla for undervisninga skal spesifiserast nærare, og at lærestoffet skal setjast opp i hovudemne og delemne, med rettleiing om progresjonen, for 1.-3., 4.-6. og 7.-9. klassesteg. Planen skal vere slik at det er rom for utdjuping på det lokale planet, ut frå ulike behov og føresetnader i lokalmiljøet og hjå kvar elev. Både i utval av lærestoff og i val av arbeidsmåtar må ein sjå til at undervisninga kan tilpassast dei ulike evnene og føresetnadene elevane har.
Skann 286 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 284». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/286/