SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 283 skann 285

KAPITTEL 35 283 ANNA RELIGIONS- OG LIVSSYNSUNDERVISNING Ordningar Barn av foreldre som ikkje høyrer til i Den norske kyrkja, skal etter lov om grunnskolen vere heilt eller delvis fritekne for undervisning i kristendomskunnskap når foreldra krev det. Forskriftene for grunnskolen slår fast at desse elevane så langt råd er, bør få tilbod om anna religions- eller livssynsundervisning. Denne undervisninga kan føregå i regi av vedkomande trus- eller livssynssamfunn eller i skoleregi, eventuelt i eit samarbeid. Utgangspunktet er at undervisninga skal verte gjeven med grunnlag i den religionen/det livssynet foreldra er knytte til, samtidig som samfunnet finn det nødvendig at barna vert kjende med sentrale sider ved den kristne kulturen vår. Registrerte trus- eller livssynssamfunn har rett til slik undervisning i skoleregi på visse vilkår. Realisering av alternative undervisningstilbod er mellom anna avhengig av talet på elevar i dei aktuelle religions- eller livssynsgruppene ved skolen eller i kommunen, og av tilgjengelege fagplanar. Departementet gjev nærare retningslinjer for tildeling av statlege ressursar til dei elevane som er fritekne for kristendomskunnskap. Skolestyret kan elles disponere kommunale midlar til denne undervisninga. Av omsyn til foreldregrupper som ikkje er tilslutta noko registrert trus- eller livssynssamfunn, og fordi somme foreldre ønskjer eit undervisningstilbod med vekt på orientering om ulike religionar og livssyn, er det laga ein eigen rammeplan i livssynskunnskap. Denne planen kan reknast som den fyrste av fleire moglege planar innanfor rammeplanen for anna religions- og livssynsundervisning. Rammeplan Initiativet til og hovudansvaret for å lage alternative fagplanar innanfor dei oppgjevne rammene ligg i prinsippet hjå dei ulike trus- eller livssynssamfunna. Grunnskolerådet eller skoledirektøren skal hjelpe til med dette arbeidet når det er ønske om det. Framlegg til planar treng godkjenning av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, som skal sjå til at rammekriteria er oppfylte. Desse kriteria vert lagde til grunn når ein vurderer planane:
Skann 285 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 283». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/285/