SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 279 skann 281

279 Trykte tekstar, tilrettelagde og autentiske: Læreboktekstar. Teikneseriar, klipp frå aviser og vekeblad, bruksrettleiingar, brosjyrar. Dikt. Skodespel. Lettlesbøker. Lyd- og biletstoff: Innlesne læreboktekstar og anna lydstoff med ulike røyster og språklege variasjonar. Teikningar, bilete, plakatar. Lysbilete og levande bilete i film og fjernsyn. Skolekringkasting. Elevproduserte tekstar: Tekstar til bilete. Dialogar. Postkort, brev. Enkle meldingar. Veggaviser. Enkle dramatiseringar, reportasjar 0.1. for lyd- og videoopptak. GRAMMATIKKMOMENT Innføring av grammatikkmoment skal skje gjennom konkrete døme og bruk av språket. Teoretiske forklaringar og grammatiske nemningar skal vere tilpassa det nivået elevane er på, og dei skal formulerte slik at elevane har praktisk nytte av dei. Elevane kan i stor grad lære å bruke språket korrekt utan at dei kan alle grammatiske reglar og nemningar. Samtidig er det klart at ei aukande forståing av grammatikk og det formelle grunnlaget han gjev, er nyttig og nødvendig. Legninga og føresetnadene til elevane må derfor takast med i vurderinga når ein stiller krav om korrekt språk, bruk av terminologi, reglar og forklaringar, og vel frie og strukturerte øvingar. Formelt korrekt språk treng ikkje vere avgjerande for effektiv kommunikasjon. Elevane må forstå verdien av det dei lærer. Derfor må innføring og øving i nye strukturar skje i meiningsfylte samanhengar. Ulike aktivitetar, grupperingar, presentasjonsmåtar og hjelpemiddel må takast i bruk slik at arbeidet vert variert og elevane vert så aktive som mogleg og vert oppmuntra til å bruke det dei lærer. Mekanisk terping og usamanhengande arbeidsøvingar kan lett undergrave måla for faget. Innanfor det temaet og dei språkfunksjonane som er valde, bør utvalet av grammatikkmoment følgje ein progresjon frå det enkle til det meir kompliserte. Det er vanleg å ta utgangspunkt i strukturar og måtar å bruke dei på som elevane kjenner frå morsmålet sitt, og deretter øve inn strukturar som er ukjende eller brukte annleis enn i morsmålet. Men undervisninga bør vere balansert. Innøving av strukturar som er ukjende eller brukte annleis enn i morsmålet, må ikkje gå ut over bruken av språket generelt. GRAMMATIKKMOMENT I FINSK Verb: Bøying av verbtypar: kertoa, tulla, saada, haluta. Tidsformene av verbet: presens aktiv og preteritum aktiv både i stadfestande og nektande form. Bøying i alle personar i eintal og fleirtal. Modusformene av verbet: indikativ og imperativ. Infinitivane av verbet: fyrste infinitiv og tredje infinitiv. Substantiv og adjektiv: Bøying i kasus. - i eintal: nominativ, genitiv, partitiv, akkusativ, inessiv, elativ, illativ, adessiv, ablativ, allativ, essiv - i fleirtal: nominativ. Bøying av spesielle grupper: kivi:kiven, perhe:perheen, ord som sluttar på konsonant (dei vanlegaste). Kongruensbøyinga av adjektivattributtet Pronomen: Bøying (same kasus som for substantiv og adjektiv) av - personlege pronomen (dei vert bøygde i alle dei nemnde kasusa både i eintal og fleirtal) - peikande pronomen - spørjepronomen: kuka, mikå - relativpronomen - übundne pronomen: dei vanlegaste som erås, joku, jokin, kaikki, toinen, ei kukaan, ei mikåån Talord: Grunntal. Konstruksjon med grunntal: kaksi kirjaa Adverb: Dei vanlegaste. Danning av adverb med endinga - sti
Skann 281 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 279». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/281/