SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 278 skann 280

278 utanfor Noreg. Litteratur, songar og dikt kan gje kunnskap og oppleving. Det er viktig at elevane så tidleg som råd får arbeide med autentisk stoff. Når elevane lærer om forhold i andre land, er det naturleg å samarbeide over faggrensene. Det kan ein gjere ved sams organisering av faga omkring eit emne, eller ved at stoff og arbeidsmåtar frå andre fag vert brukte i timane. I undervisninga bør ein nytte sjansane som familiane og lokalmiljøet til elevane byr på. Menneska og livet deira: Daglegliv, skolegang, arbeidsliv, fritid, sed og skikk. Samfunnet: Utsnitt av geografi, historie og samfunnsforhold. Språket i internasjonal samanheng: Samfunnsområde der språket vert brukt. BRUK AV SPRÅKET - SPRÅKFUNKSJONAR Språkfunksjonane uttrykkjer det ein freistar å gjere ved hjelp av språket. Innanfor dei temaa ein arbeider med, er det nødvendig å finne språkfunksjonar som tek vare på det som skal uttrykkjast. Sidan sosiale situasjonar og samhandlingar mellom menneske kan ta varierte former, er det nødvendig å finne språkformer som er direkte nyttige og akseptable i ein vanleg kommunikasjonssamanheng. Undervisningssituasjonen og dei tankane og røynslene elevane sjølv sit inne med, bør skape behov for å kommunisere, slik at det vert naturleg å bruke språket i timane. Til å byrje med vil elevane uttrykkje seg enkelt, men etter kvart vert språkbruken meir nyansert. Opplistinga av språkfunksjonar under delemne seier ikkje noko om rekkjefølgje. Språkfunksjonane må veljast ut frå det temaet som vert drøfta. Spørje etter og gje opplysningar: Til dømes fortelje, spørje, ta opp att, identifisere, korrigere. Spørje etter og gje uttrykk for oppfatningar og synspunkt, haldningar og meiningar: Til dømes like/mislike noko, vere interessert/uinteressert, overraska, vilje noko, vere takksam, nekte, vere samd/usamd, vite, tilby, ta imot eit tilbod, kunne/ikkje kunne, ha planar om noko, be om tilgjeving, seie at noko er viktig/ uviktig, vere redd, føretrekkje, vere nøgd, vone, vere vonbroten, ottast, ha sympati, tykkje noko er mogleg/umogleg, logisk/ulogisk, gje uttrykk for visse/ uvisse, plikt, løyve, tilgje, gje kritikk og ros. Få andre til å gjere noko: Til dømes tilby eller be om hjelp, be nokon om å gjere noko, invitere, føreslå, gje råd, åtvare, instruere. Sosiale funksjonar: Til dømes helse, ta farvel, presentere seg og andre, gratulere, ønskje velkomen, få merksemd, avbryte. ULIKE TEKSTAR Tekst vert her brukt om alt det materialet elevane kjem i kontakt med, stoff dei skal lese, sjå på eller høyre. Tekstane kan vere utgangspunkt for samtale, dei kan gje kunnskap, stimulere fantasien og gje rom for oppleving. Elevane treng eit variert og differensiert tilbod av tekstar som er tilrettelagde språkleg og i innhald. I tillegg må dei få møte språket gjennom autentiske tekstar så tidleg som mogleg. Skjønnlitterære tekstar kan brukast når dei er språkleg enkle nok til at elevane forstår dei. Eit viktig kriterium for val av tekstar er at dei er interessevekkjande. Elevane må få trening i å lese samanhengande tekstar på eiga hand - anten for opplevinga si skuld eller for å finne spesielle opplysningar. Elevane må og få lage tekstar sjølv. Prosessen og produktet er begge verdifulle.
Skann 280 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 278». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/280/