SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 277 skann 279

277 språket. Songar, leikar og spel er og aktivitetar som kan skape språkglede. I arbeidet med ulike tekstar må elevane få trening i å tolke ukjende ord og omgrep ut frå samanhengen. Dei bør lære å bruke ordbøker og andre oppslagsbøker for å kontrollere meining, ortografi og bøyingsformer. I skriftleg arbeid må oppgåvetypane vere tilpassa elevane si evne til å uttrykkje seg. Det er viktig at det vert stilt differensierte krav til elevprestasjonar i skriftlege arbeid. Enkle skriftlege aktivitetar kan vere å notere meldingar, skrive brev eller lage korte dialogar. For ein del elevar gjev frie skriveaktivitetar ein fin sjanse til å gje uttrykk for fantasi, opplevingar og meiningar. Den innsikta og kunnskapane elevane har i morsmålet og engelsk, bør utnyttast i undervisninga når det er naturleg. Læremiddel Skolane skal velje læremiddel som gjev plass for allsidige aktivitetar. For det andre framandspråket vil stofftilgangen for elevane utanfor skolen vere mykje mindre enn for engelsk. Derfor er det stort behov for eit variert utval av tekstar på skolen (jf. hovudemnet ulike tekstar). Utvalet må vere lett tilgjengeleg for både lærarar og elevar i medietek og klasserom. Det gjeld også materiell og utstyr som skal nyttast til opptak, avspeling, framsyning og produksjon av læremiddel i klassen (veggaviser, lydprogram osv.). Hovudemne og delemne TEMA Så langt det er mogleg, bør elevane vere med og velje tema. Slike val kan vere med på å utvide interessefelta til elevane og gje tilknytingspunkt mellom skolen og verda utanfor. Lokalt særpreg, interessene til elevane, storsamfunnet og arbeid med emne i andre fag kan vere utgangspunkt for val av tema. Temaa kan hentast frå Noreg og frå land der språket er i bruk. Vi og andre: Utsjånad. Klede. Alder. Klasseromsspråk, skolemiljø: Rutinar i klasserommet. Fag. Timeplan. Heim og lokalmiljø: Daglegliv. Familie. Rutinar i heimen. Klima. Mat og drikke: Matvarer. Matlaging. Skikkar og tradisjonar. Fritid: Hobbyar. Kulturelle aktivitetar. Sport og idrett. Handel og tenester: Pengar, butikkar, bank, post, telefon, politi. Lokalmiljø: By og land. Nyhende og aktuelle hendingar. Natur- og miljøvern. Reiseverksemd: Å ta seg fram i utlandet. Å hjelpe utlendingar i Noreg. Utdanning og yrke: Arbeidsliv. Næringsverksemd. Forhold til andre: Vennskap, konfliktar, ansvar og plikter. BAKGRUNNSKUNNSKAP Gjennom undervisninga må elevane få eit nyansert bilete av kultur- og samfunnsforhold i land og område der språket vert brukt, slik at dei vert motiverte for faget og får lyst til å lære meir. Elevane må få kjennskap til den plassen dette språket har i verda i dag, og kva det har å seie for elevane sine sjansar i utdanning og arbeidsliv. Dei må få kjennskap til samfunnsområde der språket vert brukt i og
Skann 279 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 277». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/279/