SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 25 skann 27

25 Det lærestoffet elevane skal arbeide med, må veljast og leggjast til rette med tanke på dei ulike føresetnadene som finst i elevflokken. Det inneber mellom anna at alle elevar må ha dei same sjansane til å få utfordringar og til å få dekt behova sine for å meistre oppgåver. Elevane skal også ha likeverdige høve til å bruke eigne røynsler i læringsarbeidet, og høve til å utvikle og utvide kunnskapane og evnene ut frå individuelle føresetnader. Dette er viktige vilkår for at opplæringa skal verte motiverande og meiningsfylt for alle. Arbeidet i skolen må organiserast slik at det kan føre til trygge og stabile kontaktforhold mellom elevane, og mellom elevane og lærarane. Gjennom dei organiseringsformene som vert valde, avgjer ein mellom anna * aktivitetsformer og arbeidssituasjonar for elevane * kva sjansar elevane får til å samarbeide og lære av kvarandre * korleis undervisninga vert fordelt mellom klasselærarar og lærarar i einskildfag * korleis samarbeidet mellom lærarane vert ordna * korleis dei ulike faga og emna vert fordelte på timeplanen Organiseringsformene må fremje samarbeid mellom elevane, slik at skolen maktar å nytte også dei læringsvilkåra som finst i elevgruppa. Undervisninga må leggjast til rette slik at alle elevar, også dei som har særlege opplæringsbehov, har utbyte av å vere med i fellesskapet og samarbeidet. Arbeidsmåtane og samværeformene må gje kvar elev sjanse til å gje tilskot til fellesskapet ut frå eigne føresetnader. For å skape samanheng i undervisninga, både i den einskilde klassen og i skolegangen som heilskap, må lærarane samarbeide. Godt samarbeid er ein viktig føresetnad for tilpassa opplæring. Spesialundervisning Barn og unge som ut frå sakkunnig vurdering har særlege behov for hjelp og opplæring, har etter grunnskolelova rett til spesialundervisning. Behova til den einskilde eleven og den faglege forståinga av desse behova er utgangspunktet for dei spesialpedagogiske tiltaka som vert sette i verk. Spesialundervisning er ein naturleg del av arbeidet i skolen med å leggje til rette og gjennomføre tilpassa opplæring. Kvar kommune har ansvar for at alle barn og unge får undervisning som samsvarer med føresetnadene og behova deira. Barn og unge som treng spesialundervisning, er ei ueinsarta gruppe, med ulike og ofte samansette vanskar og behov. Det kan vere ulike gradar av sansesvikt, talevanskar, generelle lærevanskar, rørslehemmingar eller åtferdsvanskar. Vanskelege oppvekstforhold kan gjere sitt til å skape problem for somme barn. Den pedagogisk-psykologiske tenesta står sentralt når det gjeld å gje ei sakkunnig vurdering av situasjonen til kvart einskilt barn. Tenesta skal gje råd om tiltak og saman med heim og skole hjelpe til med å finne fram til tenlege løysingar. Samarbeidet med foreldra er ei særleg viktig side ved dette arbeidet. Foreldra må få informasjon om vurderingane til fagfolka, og dei må sjølv få vere med i drøftingar og vurderingar for å kome fram til gode løysingar. Foreldra og skolen må saman finne fram til det som alt i alt er det beste undervisningstilbodet for eleven. I val mellom alternative skoletilbod er det foreldra som har avgjerdsretten, eventuelt saman med eleven.
Skann 27 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/27/