SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 276 skann 278

276 Lærestoff og progresjon Innhaldet i lærestoffet må vere variert, interessevekkjande og kulturberande, og reflektere tankar og straumdrag i tida. Å lære eit framandt språk er ein samansett prosess. Derfor er det viktig å få samanheng og heilskap i arbeidet med dei ulike hovudemna. Emna høyrer saman og går til dels over i kvarandre. I progresjonen må ein derfor ta omsyn til både særpreget ved stoffet og til kva føresetnader elevane har. Elevane vil vanlegvis forstå ord, uttrykk og strukturar før dei meistrar dei aktivt. Læringsprosessen i framandspråk krev at elevane får møte lærestoffet fleire gonger og i varierte samanhengar. For kvart møte aukar forståinga av det dei skal lære. Stoffet bør vere slik at elevane møter språklege utfordringar ut over det dei sjølv kan produsere, samtidig som øvinga i dei ulike delane av språket styrkjer det dei har lært. Det er nødvendig å byggje opp eit så stort og variert ordtilfang som mogleg. Det er ein føresetnad for differensiering at elevane lærer å arbeide så sjølvstendig som råd, og at dei får bruke stoff som er tilpassa evnene og behova deira. I mange tilfelle vil det kunne gje elevane ansvar for eiga læring at dei kan velje mellom ulike slag stoff og arbeidsmåtar. I valet av stoff må ein leggje vekt på å finne stykke som interesserer jenter og gutar i lik grad, og som gjev identifikasjonsobjekt for begge kjønn. Arbeidsmåtar Elevane må lærast opp til å arbeide så sjølvstendig som råd. Dei må lære korleis dei best kan dra nytte av røynslene og kunnskapane til læraren og til kvarandre. Dersom elevane skal klare seg når dei må bruke språket utanom undervisningssituasjonen, må dei sjølv forstå og kunne gje forklaringar på dette språket, og uttrykkje seg så tydeleg og presist som mogleg. Elevane må og få hjelp til å utvikle ei konstruktiv haldning til språklege feil. I staden for å vere redd for å gjere feil må dei forstå at dei kan lære av feila. Det er viktig å ta vare på den motivasjonen elevane har når dei byrjar med det andre framandspråket. Freistnader på å forstå og uttrykkje seg på eit framandt språk kan lett gjere elevane usikre. Læraren må derfor bruke arbeidsformer som kan få elevane til å kjenne seg trygge og gje dei forståing for at dei jamvel med svært elementære kunnskapar i framandspråket har sjanse til å kommunisere effektivt på ein del område. Dersom elevane vert medvitne om nokre av dei mest formålstenlege framgangsmåtane for å kunne løyse problem med å uttrykkje seg eller å forstå, kan det føre til at dei vågar og ønskjer å bruke kunnskapane sine. Generelt er munnleg bruk av språket det viktigaste. Men elevane bør få både munnleg og skriftleg trening gjennom oppgåver som inneber reell kommunikasjon. Dei bør og til ein viss grad verte fortrulege med at dei bruker språket på ulike måtar i ein kommunikasjonssamanheng, avhengig av kven dei snakkar med, kva dei snakkar om, og kva dei ønskjer å oppnå, og at det same gjeld for forståinga av kva andre seier eller skriv. Gjennom kommunikativ aktivitet, drama og rollespel får elevane bruke skapande evner og fantasi, samtidig som dei får øving i å bruke
Skann 278 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 276». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/278/