SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 275 skann 277

KAPITTEL 34 275 DET ANDRE FRAMANDSPRÅKET Noreg er eit lite språksamfunn som i historisk tid har hatt handelssamband og kulturell kontakt med mange land i og utanfor Europa. I dag er kontakten mellom Noreg og utlandet aukande. Det gjeld innanfor kommunikasjon, kulturformidling, forsking, offentleg verksemd, handels- og næringsliv, migrasjon og turisme. For kvar einskild gjev språkkunnskapar sjansar til direkte kontakt med folkeliv og kultur- og samfunnsliv i andre land. Språkkunnskapar er dessutan ein føresetnad for mange yrke, fordi det er stort behov for personar som meistrar fleire framande språk i eit lite språksamfunn. Mål Undervisninga i det andre framandspråket skal ta sikte på - å utvikle elevane si evne til å lytte til, tale, lese og skrive språket slik at dei vert i stand til å oppfatte og uttrykkje seg og vågar å bruke språket - å utvikle interessa for å lære framande språk, stimulere språkglede og gje elevane best mogleg grunnlag for vidare læring - å hjelpe elevane til å forstå at dette språket er ein reiskap som kan gje dei del i verdifulle kunnskapar og opplevingar og sjansar til å orientere seg betre og meir direkte om menneske og samfunnsforhold i land der språket vert brukt I grunnskolen er det andre framandspråket eit kommunikasjonsfag, eit dugleiksfag, eit opplevingsfag og eit kunnskapsfag. Elevane skal få bruke, øve seg i og utvikle språket i mest mogleg reell kommunikasjon med andre både i og utanfor skolen. Gjennom å kunne dette språket får elevane høve til opplevingar på eiga hand og saman med andre og til å skaffe seg kunnskapar.
Skann 277 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 275». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/277/