SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 274 skann 276

274 Arbeidsmåtar og læremiddel Planen bør opplyse kva arbeidsmåtar som kan vere aktuelle, og om det er aktuelt med samarbeidspartnerar i lokalmiljøet. Planen bør og nemne kva læremiddel og kva utstyr som er nødvendig, kva lokale ein treng, og om noko av undervisninga bør føregå utanfor skoleområdet. Avsnittet om arbeidsmåtar og læremiddel i valfaget må formast ut på grunnlag av dei generelle retningslinjene om arbeidsmåtar, organisering og planlegging i den generelle delen (jf. kapittel 7 og 8). Timetal Valfaga kan ha ulikt timetal, og kan gå over kortare eller lengre tid, frå nokre veker til heile skoleåret. Valfagtilbodet må dekkjast innanfor den godkjende timetalsramma til skolen og liggje innanfor det timetalet kvar klasse skal ha i veka. Valfagplanen må opplyse kor mange timar i veka og kor stor del av året undervisninga skal føregå.
Skann 276 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 274». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/276/